Sidemeny+

Fuglefredningsområdet i Bukta

Posted on 16. nov 2007 by in Landskap

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Litt av fuglane som er innom Bukta

Innerst i Gloppefjorden finn vi ei langgrunn sandstrand som ligg utanfor ein idyllisk camingplass. I 1991 vart dette våtmarksområdet freda, mest med tanke på eit rikt fugleliv. Den totale fredinga førte til at grunneigarane mellom anna måtte
slutte å ta ut sand som Gloppeelva tok med seg og spreidde utover strandområdet.

Plassering i kart

Bukta
Gloppefjorden endar i Bukta der Gloppeelva renn ut. Dette er ei god lakseelv med stor vassføring gjennom heile året. Nedslagsfeltet for elva er stort. Grunnen til at elva er stor om sommaren og, er tilførsel av smeltevatn frå eit breområde. På denne måten fører elva med seg mykje lausmasser, spesielt grus, ut i fjorden. Ein stor sandbanke har lagt seg opp på vestsida av elveløpet. Ved fjøre sjø, kan ein i år gå tørrskodd frå flyhangarden og ut på sandbanken.

Fitjefjøra
Ein del av fredningsområdet vert og kalla for Fitjefjøra. Dette har i mange år vore ei attraktiv badestrand. Grunneigarar og folk som brukar området, meiner at det har skjedd ein del negative endringar i denne biotopen. Den fine stranda vi hugsar for ein del år tilbake, er no blitt meir overgrodd. Det har og lagt seg opp fleire sandbankar med tilgroing. Ved fjøre sjø vert ein del av dette vatnet ståande igjen. Endra elveutløp er ein mogeleg grunn meiner enkelte.

Oppfølging av freda område
I september 2007 leigde fylkesmannen inn ein konsulent for å sjå på fredningsområdet. Ein del kritiske røyster frå lokalbefolkninga og grunneigarar, meinte at sjølve fjøra var blitt overgrodd og illeluktande. Det er tydeleg færre som nyttar stranda til bading no. Dei sjeldne fugleartene som var nemnde i samband med fredinga i 1991 har vi i alle fall sett lite til dei siste åra. På ein måte er det rart at eit slikt område blir freda for å ta vare på fuglen, medan nabo-området vestanfor elva, Selvågane, er det store hekkeområdet for sjø og vadefuglane. I fredningsområdet er det omlag ikkje hekking.

CC BY-NC 4.0 Fuglefredningsområdet i Bukta av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2007
Kommune: Sandane