Sidemeny+

Nyttige aktivitetar på Myklebustneset

Posted on 23. okt 2007 by in Landskap, Pedagogikk

Foto: Håkon Haukøycbn

Uteskule på Hyllestad. Elev måler vindstyrke.

Torsdag 18. oktober 2007 tok halve 8. klasse ved Hyllestad skule ein kort ekskursjon til Myklebustneset. Elevane var på førehand delt inn i små team som fekk konkrete oppgåver å løyse. Føremålet med turen var å lære seg framferd i naturen, og førebu seg slik at ver og vind ikkje dempa gleda av å kunne vere ute i litt haustleg ver.

Plassering i kart

Lavo vart reist
Hovudaktiviteten var å setje opp skulen sin lavo slik at han kunne vere til nytte og glede for elevar og lærarar som ville ha uteskule. No måtte vi berre finne ein teneleg leirplass, og så reise lavoen slik det skulle gjerast. Ikkje ei heilt enkel oppgåve, men etter ei stund stod lavoen på eigne bein, men nokre justeringar må vi nok føreta. Det er ikkje berre enkelt når botnen skal vere ein sekskant.

Bål og stormkjøkken
Medan lavoen vart reist, var eit team i gang med å gjere i stand grue slik at vi kunne fyre opp bål, for vi hadde ved med. Haustdagen kan vere hustrig så for somme kunne det vere godt å få varme seg litt ved eit bål.
Noko varmt i kroppen kan og gjere underverk, og ei gruppe kokte varm sjokolade på stormkjøkken og serverte medelevane som litt etter litt tok til å småfryse, for nordvesten stod frisk innetter Åfjorden, og regnbyene gjekk nesten over i hagl.

Observasjonar
Ingen uteskule utan litt rapportering og observering. Teamet skulle måle temperaturen i sjøen, lufta og elva. Vidare måle vindstyrke, og fotografere situasjonar som stadfesta aktivitetane våre og som var typiske for årstida.

Slik var torsdag 18. oktober i strandsona på Myklebustneset i Åfjorden

Vindretning: nordvest
Vindstyrke: 15 meter pr. sekund
Lufttemperatur: 7 grader
Sjøtemperatur: 8 grader
Temperatur i elva:6 grader

CC BY-NC 4.0 Nyttige aktivitetar på Myklebustneset av Håkon Magnus Haukøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kine Solheim og Amanda Strandos, 2007
Klassetrinn: 8. klasse
Kjelder: Informant: Håkon Haukøy
Kommune: Myklebustneset