Sidemeny+

Karnilshaugen

Posted on 30. okt 2007 by in Museum

Foto: Kjell Lindvuikall-rights-reserved

Almetreet på Karnilshaugen

Karnilstunet ligg på Hauge i Gloppen kommune. Ei stor gran på denne eigedomen har i mange år vore brukt som ei godt synleg julegran som folk i store delar av Sandaneområdet ser. I denne artikkelen set vi fokus på gravhaugen og almen som vi og finn på Karnilsbruket.

Alm på historisk stad
Almetreet som veks på Karnilshaugen har ein omkrins på 3,32 m 1,3 m over bakken.
Høgd over havet er 53 m og helningsretning er sørvendt.
Dette er eit tuntre på Karnilshaugen i Karnilstunet på Hauge i Gloppen Sogn og Fjordane.
Almen er over 100 år gamal. På eit bilete frå 1903 er treet synleg. Karnilshaugen er den største menneskebygde haugen på Vestlandet og mellom dei 10 største i Norden; 50-60 m i diameter og ca. 7 m høg.
Haugen kan vere ein gravhaug, ein tinghaug eller ein stad der dei tilbad sola. Haugen er freda.

Bruk av området
I mange generasjonar har almetreet vore brukt som leikeplass for born. Eit typisk tre å klatre i. I dag er haugen og treet brukt av barnehagar og skuleklassar til aktivitetsområde.
Det er mange i nabolaget som kan kalle dette for mitt tre.
Under orkanen 01.01.92 vart ein del av treet brote ned, men det har vakse seg til att.

For Stiftinga Karnilstunet
Kjell Lindvik

CC BY-NC 4.0 Karnilshaugen av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kjell Lindvik 2007
Kommune: Hauge