Storflaum og stormflod
Hugsar du den gongen då …… ? Desse orda er ofte utgangspunktet for mange interessante og viktige samtalar og drøftingar. Men det kan ofte vere vanskeleg å hugse heilt nøyaktig, men vanlegvis er kan du, meir eller mindre enkelt, leite deg tilbake til det som er rett.
Nyttårsorkanen på byrjinga av nittitalet gløymer vi ikkje lett. Det var då hustak flaksa, og hundreårgamle tuntre vart knekte som fyrstikker. Men her skal du få ei påminning om siste stormfloda og siste storflaumen.
Plassering i kart
Stormfloda
Klimaendringar og derav trugande farar er vi vortne vande med no. Dei fleste slår fast at dei er menneskeskapte, og ekstremver vil verte meir og meir vanleg. Difor vert også slike farar oftast varsla gjennom radio og fjernsyn i rimeleg god tid.
Ikkje sjeldan høyrer vi varsel om at vannstanden langs kysten vår vil vere så og så mykje over normalen. Dette trengst, for det er ikkje moro å få kjellarar fylte av vatn og bryggjer, naust og båtar øydelagde.
Bileta syner korleis det såg ut nokre stader i kommunen vår om føremiddagen 12. januar 2005.
Storflaumen
Kvelden og natta til 14. september 2005 regna det tett, og morgonen kom med meldingar om stengde vegar, ras og andre øydeleggingar. Slik var det også her i Hyllestad. Det rasa i Svartedalen og vegen forbi Hyllestad var stengt ei stund. Her og der låg tre over vegen, og tette og overfylte stikkrenner gjorde at vegar mange stader tente som elveleie. Kvernsteinsparken og Myregjerde var endra til ein innsjø. Ja, det heile var så uverkeleg; dette var sanneleg noko ein måtte stoppe opp og sjå på.
Men heldigvis – her på Vestlandet er terrenget bratt og tyngdekrafta framifrå, så litt etter litt dukka fastlandet fram att, og den vanlege kvardagen kunne gå sin gang.
Storflaum og stormflod av Kristin Solås er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.