Sidemeny+

Stålorm

Posted on 17. sep 2007 by in Dyreliv

Foto: Mats Nordbø 10call-rights-reserved

Stålorm

Ein finn kanskje ikkje stålorm i Sogn og Fjordane, men elles i Norge finn du han på Aust-og Sørlandet. Skulle han dukke opp i vårt fylke, er det greit å kjenne til han.

Øgle
Stålormen er ein øgle, trass i navnet. Det finst mange grupper øgler som har mista beina, og har gått over til ormen sin måte å flytte seg på.
Stålormen er ein av dei. Under hornskjella til stålormen er det lærhud, og eit lag av beinplater, slik at kroppen er inneslutta i eit riktig beinpanser.
Dette gjer at stålormen kjennes så stiv og hard.

Sjølvamputering
Også hjå stålormen kan det skje sjølvavstumping.(autotomi), og halen fell lett av. Den nye, regenererte halen blir aldri så lang som den opprinnelege, og autotomi inneber i realiteten ein betydeleg reduksjon av kroppslengda, ettersom halen er dobbelt så stor som kroppen.

Storleik
Den største norske stålormen, som daterar seg frå 1885, målte 41,0 cm, og den lengste vi har funne i Sverige er 42,2 cm. Den kan imidlertid bli større.
Den kjende engelske zoologen M.Smith som har granska atskillige engelske, tyske og franske stålormar, har målt den største hoa til 47,4 cm (ho var frå Dresden) , og den største hannen, som var frå Frankrike, var 52,4 cm.
I motsetning til firfirsla held stålormen seg gøymd om dagen og kjem fram først i kveldsskumringa. Etter ein kvilepause om natta er den igjen i aktivitet i dei tidlege morgontimane. Dette heng saman med at han lever av meitemark og snegler, som jo også er mest aktive i skumringa når luftas relative fuktigheit er stor. Stålormen et óg insekt, insektlarvar og andre småkryp.

Ungar
Ungane er ved klekkinga 8 til 11 cm lange dvs. større enn i sørlege land. Førstekonservator Edvard K. Barth fortel om ein 38,5 cm lang hoe som den 12. september fødte tolv ungar.

CC BY-NC 4.0 Stålorm av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Nicolay Eikeset Mundal & Rune Støyva 10c 2007