Sidemeny+

Leirvik – staden og folket gjennom 250 år

Posted on 18. sep 2007 by in Arbeidsliv

Leirvik sentrum i dag

I 2001 gav elevar i 10. klasse ut ei årbok. Overskotet av boksalet skulle delfinansiere ein tematur med «Dei kvite Bussane». I denne årboka kan ein lese ein interessant artikkel om Leirvik. Forfattar er Anders Dale. Her kjem første delen.

Plassering i kart

Gard under Kaupanger Gods
For 350 år tilbake i tida var Vikja ein plass som Kaupanger gods eigde. Så hende det i 1745 at Oluf de Holck fekk skøyte på garden av sjølvaste fru kaneselliråd Katharina Elisabeth von der Lippe Knagenhielm. No voks staden fram til å verte eitt av knutepunkta ved Sognefjorden. Her var rom for både skysskar og sabelsvingar.

Holck-ætta i Leirvik

No var det ikkje nett så veldig tett med folk på dei par hushalda i Leirvik på byrjinga av 1800-talet. I 1801 budde det berre 19 personar der og 14 av desse i hushaldet til Hans Henrik Hornemann Holck: 4 tenestefolk og så mann og kone med åtte born. Dette var ikkje akkurat nokon stor flokk som kunne forsvare post og telegraf på staden. Når det likevel ved dette postopneriet vart ekspedert ei mengd brev, var årsaka at plassen med inntil 6 mils avstand, var omgjeven av embetsmenn og ein god del velståande familiar. Ja, så vel stod det til at departementet i 1824 meinte at postopnaren kunne lønast med 20 spesidalar i året mens det var vanleg med frå 4 til 18 dalar. I tillegg var postmannen ein dyktig kar som » hadde øvelse i å styre forretninga «.

Sablar, kuler og krutt

Det fanst nok både rikdom og armod mellom oppsitjarar, gardbrukarar og embetsmenn i Leirvik og gardane kring. Velstanden kom først og fremst av dei militære aktivitetane som var lagde til garden. Utstillingsplassen ved Bøelva var då ekserserplassen der mannskapa hadde øvingane sine. Offiserane budde på gardar kringom, der dei gjorde anna nytte for seg når dei ikkje ekserserte avdelingane sine. Både på Myklebust, Kleive, Systad, Espeland, Stegestrand, Heggebø og Leirvik budde det leiande personell. Dei fleste av karfolket i Holck-ætta hadde grumme titlar som kaptein, kompanisjef og kommandant. Slike innslag i eit heller nøysamt folk gjorde nok at det og draup nokre ekstra spesidalar både på postekspeditør og handelsmenn.

Dampen kjem til Leirvik

Leirvik er i dag det naturlege senteret i Bøfjorden, og slik har det vore i nesten 150 år. I 1858 kom den første båten på Sogneruta innom fjorden, men då med Bråstad som stoppeplass. Her vart dampen borda av folk i småbåtar. Men det er lett å forstå at denne ordninga vart litt for tungvint for dalingar som skulle senda krøter og ved vidare innover fjorden eller til byen. Difor vedtok Hyllestad kommunestyre alt i 1868 at båten skulle » anløbe Bunden av Bøfjord » i staden for Bråstad.

CC BY-NC 4.0 Leirvik – staden og folket gjennom 250 år av Andrea Tonning Solstad er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Andrea Tonning Solstad, 2007
Klassetrinn: 8. klasse
Kjelder: Kjelder: Hyllestad bygdebok: Soga om folket Sogeskrift frå Hyllestad nr. 5 , 1987 Ingemar Nordstrand: Postvegen Bergen - Trondheim Finn Borgen Førsund: Dampen og kaia
Kommune: Leirvik