Sidemeny+

Lærdalselva ved Sjurhaugfossen

Posted on 12. sep 2007 by in Landskap

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Lærdalselva ved Timmersvahølen. Restar av den gamle brua frå 1800-talet på oppsida av hengebrua.

Frå Sjurhaugfossen og nokre kilometer nedover dalen går Lærdalselva gjennom fleire stryk der stupbratte fjellsider går rett i vatnet. Berre kunstige bruer og rekkverk av solide jernkonstruksjonar gjer det mogeleg å ta seg fram langs elva. Her kan ein drive spennande sportsfiske på høgt nivå. Mang ein storlaks er landa i dette området.

Plassering i kart

Laksefiske
Frå gamalt av hadde grunneigarane frå Sjurhaugfossen til Seltun rett til å fiske med garn i Lærdalselva. På vinterstida når isen låg tjukk på elva, tok bøndene seg ut på store steinar som låg midt i eleveløpet. Her slo dei ned boltar og krokar som i fiskesessongen vart nytta som feste for garna. Dei tok mykje fisk på denne måten, men då var det og store forekomstar av denne edle fisken. Fyrst på slutten av 1970 talet miste grunneigaren desse rettane.

Sjukdom i Lærdalselva
Laksefiske var godt i øvre delen av Lærdalselva også, i fleire år. Tilbakegangen kom med gyrodactilusbakterien, der alt liv måtte drepast med gift. Elva har vore gjennom ein ny kur rundt 2004. Då vart det nytta aluminiumsionar som vart slept ut i vatnet. Det ser ut for at elva er friskmeld i dag. Fiskarane står tett langs elva og svingar på sine flugestenger, for det er berre lov å fiske med fluge i år.

Litt overtru
Ein kan lese om troll og huldre i mange segner og forteljingar. Dette er ofte knytta til seterdrift og dei som gjette buskapen. I elvar og vatn var det både nøkken og fossegrimen som dukka opp. Går du langs Lærdalselva ein sein haustkveld når mørkret sig på, kan fantasien også i dag spele deg eit puss. Ja, er ein heldig og kjapp med fotoapparatet, kan du faktisk få bilde av fossegrimen og. Berre sjå.

CC BY-NC 4.0 Lærdalselva ved Sjurhaugfossen av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2007
Kjelder: Munnleg overlevering og Kongevegen over Fillefjell av Stein Erik Skoug
Kommune: Lærdal