Sidemeny+

Fisketur til Nordre Demma

Posted on 19. sep 2007 by in Dyreliv, Landskap

Foto: Øystein Dalecbn

Nordre Demma

Med stikkorda flott naturoppleving, mykje fisk, kartkunnskap og ein dose trim i bakhovudet, reiste me på fjelltur retning Nordre Demma. Dette skulle vise seg å bli ein flott dag!

Plassering i kart

Nordre Demma via Vardahei

VARDAHEI

Me starta turen på Dalåker klokka 08.30, onsdag den 5. september.
Det var overskya og litt regn innimellom, eit bra fiskevèr. Målet for turen var å sjå på det biologiske mangfaldet i naturen kring oss, bruke kart, og sjølvsagt få oss ein god trimtur!
I starten varierte turen mellom sti og traktorveg, og det var ei godt oppmerka turløype. Etter ca. 20 minutt delte stien seg i to, ein har to stival opp mot Vardahei, og mange tek turen som ein rundtur. Den eine stien til Vardahei går via Hungerhaug. Denne turen er lenger i distanse, men har mindre stigning. Vi valte å gå den andre stien, denne ruta mot Vardahei er kuppert, og med ein del bratte parti, men det var den kortaste vegen opp. På vegen oppover var det litt tåkete, så me såg ikkje så mykje .Tåka letta litt då me kom opp på Vardahei, så me sat litt og naut utsikta medan me skreiv oss inn i boka.
Vardahei ligg 895 m.o.h., og me brukte ca. 1,5 time på turen opp dit. Vi tok oss god tid på turen, ein må jo ha tid til å nyte naturen også.

NORDRE DEMMA

Turen frå Vardahei til Nordre Demma var i flatt og ope terreng. Denne turen var ikkje merka, så vi hadde med oss ein som kjende vegen. Me vil ikkje anbefale denne delen av turen til folk som ikkje er kjende i området, i så fall må det vere klarvèr, slik at ein kan finne merke i naturen som ein kan kjenne igjen. Karta vi hadde fått før me reiste hjelpte oss med å orientere oss kor me var i landskapet. Etter ca. 45 min. var vi framme ved Nordre Demma, og vi kunne sjå fisk som vaka. Det var kaldt, så me måtte ta av oss dei blaute kleda og ta på oss noko turt, noko som er veldig lurt når me er på fjellturar. Me prøvde å fiske med både makk, sluk og spinnar. Dei tre som fekk fisk brukte sluk og spinnar. Læraren målte PH -verdien i vatnet, surleiksgraden var 6,25, noko som var eit normalt bra resultat. Me målte også vekt og lengd på fisken. Målingane skal me registrere på nettstaden miljolare.no. Me fiska i 2 timar før me gjekk ned att.

På vegen ned att letta veret litt. Haustfargane var byrja å titte fram. Lyngen og trea var begynt å få litt raud og gul farge. Nokon gjekk mykje fortare ned enn andre. Turen var fin, og me rådar andre til å gå der.

CC BY-NC 4.0 Fisketur til Nordre Demma av Eirin Haukøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: 8. klasse, 2007
Kommune: Kaupanger