Villreinjakt
Fyrste veka i reinsjakta 2007, var det mykje rein i området rundt Kvevotni. Fram til laurdag har veret vore framifrå i høgfjellet. I tillegg til jakta og litt fiske, var det klasse over sjølve naturopplevinga
Plassering i kart
Perfekt ver
Ramma rundt jakta sist fredag, var perfekt. Å gå i 1500 meters høgd i nesten vindstille ver og god temperatur, gjer alt så mykje lettare. Reinsjakt er ein urgammal tradisjon. Matauk var det vesentlege då. I dag driv ein jakt stort sett for sporten si skuld. Når den moderne teknologien også har innhenta dagens jegeren, skulle ein tru at reinen hadde lite å stille opp med. Prøvde ein og å unngå nakkevind, låg alt til rette for å kome inn på nokre av dei til dels store flokkane av villrein som var i området.
Fyrste flokken viser seg
Bukkeflokken på ca 70 dyr som stilte seg lagleg til på ein snøbre ca 250 meter frå skyttar og fotograf, vart skoten på berre av fotografen. Deretter følgde dyra den tradisjonelle trekkruta vidare vestover, og retninga var ikkje i vår favør, for flokken for ut av statens fjell. Dyra vart innhenta av jegerar etter kvart, i brattlendt terreng. Det small, og ikkje lenge etter kom det på radio at det var skote to dyr.
Ikkje berre jakt
Så var det tid for litt fiske. Sjølv i det fine veret var det råd å lure 5 blanke, fine aurar på makkekroken. Jegerane med rifle speida og lytta på radio. Ja, i den varme solveggen sat dei faktisk og halvsov, og slik gjekk dagen utan at vi såg fleire rein.
Både sporvehauk, jaktfalk, fjellrype, grønstilk og heilo viste seg i området. Fjelltjøreblomen, issoleia, blåklokka og fjelltistelen stod i si finaste blomsterprakt. Rosenrot, geiterams og rypebær hadde fått sine raude haustfargar som lyste opp og minte oss om haust i fjellet.
Største flokken
Flokken frå Grånosi, kom ikkje, så vi rusla ned att til bilen og trilla nedover den bratte anleggsvegen mot Råsdalen. Vi visste sjølvsagt at det stod ein stor flokk reinsdyr i Okken, så vi speida frå bilen, og med eitt levde fjellsida. Om lag 150 meter oppom vegen gjekk ca 400 dyr, og klokka var 18.55. Vi kunne ikkje skyte, for vi hadde kort berre i statens fjell, og dette var på privat område. Vi hørde på radio at jegerane var på veg mot flokken, men det small ikkje før 19.00 og dyra kunne slappe av til neste dag.
Andre forhold
Laurdag kom vinden, og temperaturen vart ein heilt annan enn dagen før. Fare for glatt vegbane og 2,5 grader viste displayet på tur oppover. Snøbyer og vind gjorde jakta vanskeleg. Nakkevinden vart sterkare, sikten dårlegare og dyra urolegare. Berre ei simle med kalv var alt vi såg. Vi høyrde ikkje om skotne dyr på radioen, så veret var nok i dyra sin favør.
-
Villreinflokk på 400 dyr Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Jegeren har oppdaga flokken. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Fjelltjøreblom Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Mosen lagar fargeprakt i høgfjellet Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Bukkeflokk på ca 70 dyr Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Nokre bukkar med hud på horna, andre misser huda. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Spesiellt frodig issoleie med mange blomster Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Fjellrype tek til å få vinterdrakt Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Simle og kalvar i flokken på 400 dyr Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Geiterams har fått haustfarge Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Jegerane er klare Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Villreinjakt av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.