Sidemeny+

Livet i fjæra

Posted on 29. aug 2007 by in Landskap

Foto: Håkon Haukøycbn

Måsen sin frukost veidar

Bli kjent med naturen. Uansett kor du er, finn du naturen like i nærleiken. Alt som skal til er at du er villig til å sjå deg litt kring , lytte og føle, og ikkje vere redd for å få litt skit under neglene ein gong i blant.

Plassering i kart

På Myklebustneset

Elevane ved Hyllestad skule har Myklebustneset som ein populær utfartsstad. Dit er det ikkje langt å gå, og alltid er det noko spanande og nytt å oppdage. Gode straumtilhøve, bølgjer som ruskar og riv mellom tang og tare og små fjærepyttar fleire stader gjer at du får auge på eit yrande og variert liv viss du er ein byrjande forskarspire eller har litt nysgjerrigper i deg.

Arter i fleng av store og små plantar og dyr

Her vil du heilt sikkert møte kjenningar som strandkrabbe, blæretang, sjøstjerner og stingsild. Men vi gjer oss ikkje der. Etter eit par turar ned i fjæra der har du ingen vanskar med å kjenne igjen sagtang, strandreke, blåskjell, slangestjerne, grøndusk, purpursnigel, albogeskjell og mange, mange fleire.
Ved å lære meir om flora og fauna vil du kunne setje endå større pris på alt det naturen har å by på.

CC BY-NC 4.0 Livet i fjæra av Martine Hatlem er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Martine Hatlem og Sunniva Marie Kjeldstad, 2007
Klassetrinn: 8. klasse
Kjelder: Håkom Haukøy, f.1946
Kommune: Myklebustneset