Sidemeny+

Symjesnipe Phalaropus lobatus Read-neckedpharope

Posted on 7. jul 2007 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Symjesnipe

Symjesnipa er den einaste av snipene som sym. Ho ligg høgt i vatnet og flyt som ein kork. Hoa er også alltid meir fargerik enn hannen. Det er gjort få observasjonar av denne fuglen i Sogn og Fjordane. Desse bilda er tekne på Filefjell, så ho er nok innom fylket.

Utsjånad
Ca 18 cm. Hofuglen er både størst og mest fargerik. Berre boltit og nokre få andre fuglar har det slik, elles er hannen den mest fargesprakande. Ho dukkar lite, men hentar mat frå vassoverflata. På tærne har ho symjeflikar og symjehud innerst. Isse, kinn og nakke er gråsvarte. Halssidene og delvis kroregionane er lysande gulraude. Kvit strupe.Ryggen er svartgrå med rustgule band.

Utbreiing
Rugar fåtallig ved myrtjern og små vatn i bjørke/vierregionen. Reiret er ei grop som er fora med litt strå. 4 (3) egg i juni – juli. Eggfargen er gråbrun eller olivenfarga med svartbrune flekkar. Hannen rugar i 18-20 dagar og er som regel åleine med ungepasset.
Trekkfugl som kjem i april-mai og reiser i august-september. Overvintrar truleg i Vest-Afrika.

CC BY-NC 4.0 Symjesnipe Phalaropus lobatus Read-neckedpharope av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2007
Kjelder: Våre fugler Svein Haftorn
Kommune: Filefjell