Sporevipe Vanellus spinosus

Sporevipe
Her i Gloppen er framleis vipa eit sikkert vårteikn, sjølv om vipeflokkane som trekkjer hit stadig er blitt mindre. Ja, vipa er nok ei truga art. Kanskje kan andre slektningar av vipa, for eksempel sporevipa, dukke opp ein gong her i vårt nærmiljø? Her vil du få vite litt meir om den fuglen, både i bilde og ord.
Utsjånad
Sporevipa er noko mindre enn vipa. 25-28 cm lang og meir langbeint. Har ein stor kvit kinnflekk på eit elles svart hovud. Har også svart bryst, kroppsside og stjert. Nebbet og beina er og svarte. Oversida er lys brun. Brillevipe og steppevipe liknar litt på sporevipa.
Utbreiing og hekking
Hekkar sparsamt i Søraust Europa. Hekketida er frå mars til september. Er ein sjeldan gong blitt observert i Vest Europa. Likar seg best i ope terreng med litt busker og kratt her og der. Området må helst ligge nær vatn. Et for det meste insekt. Hekkar sparsamt i Søraust Europa. Hekketida er frå mars til september. Reiret er ei enkel grop på bakken slik som vipa vi kjenner, lagar sitt reir. Her legg ho 3-4 egg. Dei som hekkar i Tyrkia og i Hellas er trekkfuglar, men dei som hekkar lenger sør er standfuglar.
-
Sporevipe Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Sporevipe Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Sporevipe Foto: Svein Hjewlmesetall-rights-reserved
-
Sporevipe Foto: Svein Hjewlmesetall-rights-reserved
-
Sporevipe Foto: Svein Hjewlmesetall-rights-reserved
Sporevipe Vanellus spinosus av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.