Isfugl Alcedo atthis

Isfugl
Isfugl vert av og til observert på Austlandet. Her på våre kantar er kanskje ikkje denne fuglen registrert enno, men etter kvart som klimaet endrar seg, kan ein vere på utkikk etter nye arter. I sommar vart han forresten observert i Lærdal. Fuglen er sky, så det er ikkje så godt å kome innpå han. Bilda du får sjå her, er tekne i Izmirområdet i Tyrkia.
Utbreiing
Isfuglen finst i store delar av Europa, sydlige delar av Asia, og dessutan nordlige delar av Afrika. Isfuglen kom til Norden seint på 1800- talet, og den finst i Danmark og i det sydlige Sverige, som er den nordlige utbreiingsgrense for denne fuglen. Isfuglen er veldig sky og vanskeleg å få auge på.
Skildring
Isfuglen høyrer til skrikefuglane, som primært er ei tropisk gruppe fuglar som er veldig fargerike
Isfugl er ein liten og kompakt fugl med stort hovud og langt, rett nebb. Den er fargerik. Han er blå på ryggen og oransje på magen. Vingene og hovudet er noko mørkare. Kinnflekkane er oransje medan nebbet er mørkt. Han er 16 cm lang, der det spisse nebbet utgjer 4 cm av lengda. Han veg 40- 45 gram, og har eit vingespenn på 24- 26 cm. Lyden av han har ein hard, metallisk klang.
Til tross for namnet er han utsett for sterkt kjølige vintrar. Etter isvintrar går bestanden som regel kraftig tilbake.
Føde
Isfuglen leitar etter føde i rask flukt i småvatn eller elvar omkransa av skog ved å sitte på greiner ved vatnet og dykkar plutseleg ned for å fange byttet. Det er som regel småfisk han jaktar på, bortsett frå vassinnsekt og kreps.
Skrive av Svein Inge Arnestad
-
Isfugl Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Isfugl Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Isfuglen står klar til å stupe i kloakken som kjem ut gjennom tunellen under han, i håp om å fange ein liten fisk. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Isfugl Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Isfugl Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Isfugl Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Isfugl Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Isfugl Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Isfugl Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Isfugl Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
a
Isfugl Alcedo atthis av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.