Sidemeny+

Sentrum IL-o-sporten kjem inn i laget

Posted on 15. jun 2007 by in Historie

Her har Idar Skorpen og Gunnar Handal samla ivrige o-laupaarar kring seg like før start. Biletet teke kring 1970.

Sentrum IL vart skipa 4. februar 1950. Det gjekk heile 25 år før laget hadde idrettsanlegg dei kunne nytta. I mellomtida måtte utøvarane greie seg med dei arenaer som fanst i naturen: skog, myrar, sletter og toppar til o-laup, terrenglaup, terrengstafettar og skiløyper. Toppar til fjelltrim, vatn og sjø til symjing og skeiselaup.

Plassering i kart

O-sporten kjem

I siste halvdel av sekstitalet blomstra o-sporten i laget. Drivkrafta var kraftlagsstyrar Idar Skorpen. Han fekk laga kart og la opp løyper, og heldt kurs og nybyrjarlaup. Karta vart betre og betre og kom snart i fargar, og det gjekk ikkje lenge før lauparar frå Sentrum IL markerte seg på resultatlistene kring i fylket. Første halvdel av 70-åra var ei glanstid for idretten i laget.

Juniorane på topp

På stafettar og i laup var lauparar frå Sentrum IL ofte å sjå heilt i toppen på resultatlistene. Ove Dale, Birger Handal, Svein Heggebø og Helge Hagen var ikkje lett å leggje bak seg korkje på stafettar eller i vanlege krinslaup. På damesida var Åshild Hagen og Anne Siri Olsen svært solide lauparar.

Vise om o-lauparen

Ei tid utgjorde o-lauparar frå Sentrum IL styret i Sogn og Fjordane o-krins, og ein av desse, Håkon Haukøy, laga ved eit høve ei vise om korleis han opplevde møtet med o-idretten

Å vera o-laupar, det er eit fæla liv
slik ein nervekrig, anstrengelse og kiv.
Viss de følt det har på kroppen slik som eg til no har gjort,
vil de truleg nokså brennfort leggja opp.

Like etter eg til Sognabygda kom
via o-formannen fekk eg vita om:
o-sport det er heilt på topp for både lekam og forstand,
meld deg inn i Sentrum fortaste du kan.

Heilt frå første stund var innsatsen på topp.
På kvar trening eg med kartet møtte opp.
Framgang hadd eg, og snart eg skilde kolle, stup og dråg,
og pokalar og medaljar fjernt eg såg.

Premieren stod i Naustdal no i vår,
og eit lite innblikk i den her de får.
Treninga vart trappa ned; eg ville vera førebudd,
heilt til randa vera fylt av overskudd.

Utstyrsmessig var eg heilt profesjonell
I frå sko, kompass, kort sagt, kvar bagatell.
Innhjå Systaden eg hue fekk som passa nokså godt.
Treningsdrakta skein i raudt, og kvitt og blått.

Nett før starten me i tau vart råma inn,
og eg psykisk knekte konkurrenten min.
Ja, alt klaffa kjempemessig like til eg la i veg,
for slik båstenkjing var ikkje nytt for meg.

Første posten må eg seia eg fann snautt,
og eg tende som når oksen han ser raudt.
Tok ut kurs og vegval før eg la i veg til neste post
i ein fart som ikkje just var kvardagskost.

Storma fram eg gjor? som varme kniv i smør,
brukte klippetang som flinkaste sjåfør.
Men då sjette post eg nettopp skulle leggja for min fot
stod eit sjutal der og gliste meg i mot.

Og som kodetal stod faktisk x og y;
ka i svarten skulle dette her bety ?
Ja, eg lurte på om dette verkeleg kunne gå an,
det var taktisk krig på aller høgste plan.

Då eg tenkte: Gamling, roa deg litt ned,
la no skolten din få arbeida i fred.
Eg studerte kartet, tok ut kursen, sprang eit lite tak,
men kor eg snudde meg, var reva alltid bak.

Det var ikkje heiarop og fæla liv
Då til mål eg seiginn, sabla støl og stiv,
Og det kom då faktisk på meg som eit bitelite sjokk,
dei sa at: Løparar og premiar var gått !

Både vonbroten og såra djupt eg var,
men fatale glippar sjølv dei beste har.
Om du tabbar deg i o-laup, er det ingen som kan sjå,
og du sjølv har ingen ting å skulda på.

CC BY-NC 4.0 Sentrum IL-o-sporten kjem inn i laget av Steffen Wolff er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Nikolai H. Kvellestad og Steffen Wolff, 2007
Klassetrinn: 9. klasse
Kjelder: Håkon Haukøy
Kommune: Hyllestad skule