Hesjetinden-topptur både for trimmar og aktiv

Så langt augo kan sjå! Utsikt mot vest frå Hesjetinden.
Også til Hesjetinden fører mange stiar. Utgangspunktete kan vere Hyllestad eller Sæsol, Sætre eller Berge eller Systaddalen. Vår tur startar i Mørketjønnbotnen på Øverås. Det er ein tur utan dei brattaste kneikane, men opplevingsrik likevel der stien buktar seg fram i småkupert og helst ope terreng.
Plassering i kart
Utgangspunkt og utstyr
Du følgjer riksveg R 57 nordover mot Dale, og når du kjem på Øveråshøgda, tek du gardsvegen mot vest til du kjem ned til garden Mørketjønnbakken. Her kan du parkere i tunet.
Er du i fjelltrimform, vil du gjere turen unna på 1 ? 2 timar. Litt frukt og sjokolade kan vere kjekt å ha i sekken, men elles byr ikkje denne utflukta på dei store kraftprøvene. Fotoapparatet bør du ikkje gløyme, for Åfjorden og Lifjellplatået kan vere særs vakkert i ettermiddagsbrisen og ved solefall.
Godt merka sti
Frå tunet i Mørketjønnbakken går du ned mot bekken til ei lita trebru. Herifrå er stien godt merka med raude markeringar på stein eller med raude markeringsstengar. I varden på toppen ligg sjølvsagt fjelltrimboka, og her skriv du deg inn samstundes som du får prov på at nokre har i alle fall Hesjetinden som sin favoritt-topp. Ja, over 200 gonger har einskildpersonar besøkt Hesjetinden. Men det er innsatsen verd. Turen opp gjer godt for både kropp og sinn, og auga finn mykje vakkert å kvile ved uansett om du er av dei som konsentrerer deg om den vide utsikta eller av dei som er mest oppteken av detaljar.
Litt om namn og stader
Dei to vatna nedanfor garden er Markhustjønna i nord og Mørketjønna i sør. Dei ligg kring 210 meter over havet. På turen mot toppen ser du grenda Skor i nord med Markhusvatnet framfor. To vatn ligg sør for Hesjetinden. Næraste på venstre handa oppover har du Flossvatnet, og litt lenger vest ligg Sørefjordsvatnet. Står du på toppen av Hesjetinden er du 492 meter over havet.
God Tur !
-
Så langt augo kan sjå!
Utsikt mot vest frå Hesjetinden. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Her ved bekken mellom Markhustjørna og Mørketjørna (biletet) tek turen til Foto: Håkon Haukøycbn
-
Mykje vakkert å glede seg over langs stien om du let augo vandre. Foto: Håkon Haukøycbn
- Trimboka som ligg i varden, viser at dette er eit populært turmål.
-
Fjelltrimmar har lagt turen til Hesjetinden i dag Foto: Håkon Haukøycbn
-
Vi nærmar oss Mørketjønnbakken der turen starta Foto: Håkon Haukøycbn
-
Flossvatnet passerer du på veg mot toppen Foto: Håkon Haukøycbn
-
Det kan vere god livd i bergklovene like under Hesjetinden Foto: Håkon Haukøycbn
Hesjetinden-topptur både for trimmar og aktiv av Ove Lylund er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.