Sidemeny+

Ein stor skøyteidrettsdag i Hyllestad – Egnestangen tok alle med storm

Posted on 4. jun 2007 by in Historie

Skeiselauparane frå Leirvik konkurrerte kring i fylket.

Før i tida, seier ofte dei eldre, før i tida då var alt så mykje betre eller så borti veggene gale. Her har vi funne ein kopi av ei side frå avisa Firda, og reportasjen er frå vinteren 1953. Utruleg, men sant !

Plassering i kart

Ein verdsrekordhaldar kjem på besøk

Som jula på kjerringa kom meldinga om at Hans Egnestangen skulle komme til Sentrum IL i Hyllestad allereie 9. februar. Etter tidlegare rapportar skulle han ha komme seinare. Men ingen ting var betre enn det. I eit par år hadde ein venta på han, og no var det berre å gå i gang med forarbeidet, om kurset skulle bli vellykka. Staurdalsvatnet blei sprøyta, men på grunn av sprengkulda blei det mislykka. Heldigvis kjem Fossvatnet skøyteløparane til unnsetning med flott stålis til kurset skal ta til. Og Egnestangen kom, så og vant, som det heiter. Allereie same kveld han kom, viste han instruksjonsfilmar, og dagen etter bar det laus, med skøytetreninga. Det var 47 kursdeltakarar, derav fem frå Lavikdal, to frå Svint, 1 frå Brekke, 1 frå Kyrkjebø, og resten 38 frå Sentrum IL. Søndag 15. februar blei det arrangert konkurranseløp som avsluting på kurset. Dagen opprann med mildt fint vêr. Det norske flagget midt på bana helste deltakarar og publikum velkommen til stemnet. Ein reknar med at omkring 400 tilskodarar overvar løpa. Diverre var isen på grunn av snø dårleg, sjølv om den var måka og sprøyta. Alle fekk derfor atskillig dårlegare tider enn dei fortente for sin innsats.


 


500 m


 


(Over 18 år)


1) Gunnar Kalstad 55,6


2) HB Sandnes 57,2


3) Håkon Atterås 59,1


4) Gabriel Dale, 60,1


5) Johan Thorseth, 62,8


6) Arne Ness, 63,4


7) Herm. Hellem, 64,9


8) Gunnvald Bruås, 65,7


9) Ivar Atterås, 68


10) Jens Andersen, 68,6


11) Kåre Systad, 69,4


 


Under voldsam applaus frå publikum gjekk Hans Endnestangen ein 500 meter åleine, utanfor konkurranse. Han fekk notert tida 52,4.


 


16 til 18 år.


1) Bjarne Strandos, 59,9


2) Roald Flekke, 61


3) Norv. Tonning, 69


 


14 til 16 år.


1) Atle Atterås, 69,9


2) Reidar Espeland, 64


3) Jarl Atterås, 65,6


4) G. Nygård, 65,9


5) Odd Harald Nornes, 66,3


6) Gunnar Nyland, 67,2


7) Fridleik Nyland, 69,4


8) Odv. Nordstrand, 70


8) Kristen Langeland, 70


10) Magnus Nyland, 70,1


11) Tormod Ringstad, 77,4


 


Under 14 år. (Ei runde)


1)      Gunnar Bruås, 38


2)      Kåre Almklow, 38,3


3)      Gunnar Knudtsen, 38,4


4)      Noralf Hyllestad, 38,8


5)      Einar Dale, 40,5


6)      Kjell Systad, 41,5


7)      Leiv Systad, 54,1


 


 


1500 m.


 


(Over 18 år)


1)      H. Atterås, 3.11.8


2)      Gunnar Kalstad, 3.12


3)      HB Sandnes, 3.18.3


4)      G. Dale, 3.23.9


5)      Kåre Systad, 3.35.2


6)      Ivar Atterås, 3.35.5


7)      J. Thorseth, 3.41.4


8)      Arne Ness, 3.45.2


9)      Hermod Hellem, 3.46.1


10)  Bjørn Takle, 4.08


11)   Jens Andersen, 4.14.7


 


Ein del løparar under 18 år gjekk etter eige ønskje 1500 meter utanfor konkurranse. Her opplevde ein dagens store sensasjon i samløpet mellom Atle Atterås og Bjarne Strandos. Med ein gnistrande innsatsvilje køyrde dei i veg, begge gjekk inn for å vinne samløpet. Dei skifta om ledinga men var aldri langt frå kvarandre. Den hissige duellen følte til tider som låg under rundetidene til sigerherren i eldste klassen. Stemnefunksjonærane rista berre på hovudet, og venta at dei snart skulle gje opp. Men nei, duellen skulle fullførast, og under orkanaktig bifall gjekk 15-åringen Atle Atterås i mål på dagen beste tid, 3.05.8, tett fylgt av Bjarne Strandos som gjekk med remskøyter og fekk notert den nest beste tida 3.09.8.


 


  Premieutdelinga føregjekk i Ljosheim om kvelden. Først blei det servert betasuppe og kaffi med kake.


 


Ja ja, det var i dei gode gamle tidene J No er det data og pizza.


 

CC BY-NC 4.0 Ein stor skøyteidrettsdag i Hyllestad – Egnestangen tok alle med storm av kamilla_systaddal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kamilla Systaddal og Yngvild Åm Sognnes, 2007
Klassetrinn: 10. klasse
Kommune: Leirvik, Stigestrandsvatnet