Sidemeny+

Variasjon og rekreasjon på Savlandsstøylane

Posted on 24. mai 2007 by in Historie

Det er mange år sidan budeiene budde på støylane for å mjølke kyrne om somrane, men Savlandsstøylane vert framleis brukt den dag i dag. Om somrane går det fleire saueflokkar, og nokre ungdyr her. Det fins fleire vatn i området, der det er fint både å fiske med stang og setje garn, og bade når det er varmt om sommaren. Mange reiser opp for å plukke blåbær og molter rundt støylane, og ein kan jakte på hjort og fuglar i området.

Plassering i kart

Det ligg om lag sju støylar i eit temmeleg tett område, og nokre til i område i nærleiken, i tillegg til nokre få nyare hytter. Dei fleste av støylane er bygde eller restaurerte kring 1930, og er sidan den tid tekne godt vare på blant bygdefolka som eig dei.

Vegar vidare
Savlandsstøylane er dessutan eit fint utgangspunkt for ein lenger tur vidare innover fjellet. Både Vindalsvatnet og Varlivatnet er fine fiskevatn som ligg vel ein time ? halvannan time frå støylane. Då er du også komen temmeleg nær grensa over til Hyen, og kan velje å gå ned til for eksempel Eimhjellen på andre sida.

Tur for alle
Du kan velje mellom fleire ulike vegar opp til Savlandsstøylane, alt etter kva retning du kjem frå og kor lett tur du ønskjer. Den kortaste og lettaste vegen er frå garden Teigen i Fimland. Viss du kjem frå Naustdal sentrum køyrer du forbi Instedalen skule, og tek av første vegen til venstre etter du har køyrd over ei ferist. Deretter køyrer du til den siste garden på vegen. Turen opp til Savlandsstøylane tek her i frå vel ein halv time til fots, og over halve vegen består av ein traktorveg. Dei første bakkane er ganske lange og bratte, men elles er turen grei, og passar for dei aller fleste.

Fleire alternativ
Ein kan også velje å gå til støylane frå garden Savland. Denne turen tek rundt ein time og er ein god del tyngre, men ikkje verre enn at dei fleste også kan klare denne turen. Den tyngste delen er starten, som er ein smal sti opp fjellet bak garden, der ein bør gå svært forsiktig særleg om det nyleg har regna. Du kan også gå frå mellom anna garden Slettemark.

Reis på fjellet!
Dersom du har ein ledig fridag du ikkje veit korleis du skal bruke, så vil eg absolutt anbefale deg å ta ein tur på fjellet, til Savlandsstøylane. Særleg dei fine sommardagane er det få ting som er herlegare enn å vere på fjellet. Du kan gå tur, bade og fiske, og gjerne grille litt når det byrjar å skumre, før du legg deg i ei god, gamal seng og kan vakne til fuglekvitter og solskin neste morgon. Då kjennest livet deilig!

CC BY-NC 4.0 Variasjon og rekreasjon på Savlandsstøylane av Anne Brit Sande er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anna Aasen Savland, 2007
Klassetrinn: 2MKA, Mo og Jølster VGS
Kjelder: Atle Savland
Kommune: Savlandsstøylane