Storlom Gavia arctica Black-throuted diver
Storlomen er ein ganske sosial fugl. Ved hekkeplassane er det ofte fleire fuglar som fangar fisk saman. Han er veldig sky, så det er ikkje ofte ein får sjå han på nært hald.
Kjenneteikn
Storlomen har eit grått haud med ein svart strupeflekk, på brystet er det kvitt med striper på sidene av halsen.
Elles er den svart på bakkroppen med kvite striper på ryggen.
Storlomen ligger veldig djupt i vatnet og ikkje synlig stjert.
Nebbet er vassrett, mens smålomen har nebbet skrått oppover .
Den er mellom 58-73cm
Om vinteren er storlomen ganske enkelt svart på oversida og kvit på undersida.
Næring og adferd
Om sommaren held han seg i ferskvatn og om vinteren i saltvatn.
Det er nok i klare, næringsfattige og fiskerike vatn i skog og fjell at vi oftast ser storlomen.
Det er fisk som står på menyen til lomen, men ungane blir mata med insekt første tida etter klekking.
Utbreing og forplantning
Storlomen kan du treffe på i heile landet, men han er nok mest vanlig i store innsjøar i aust.
Storlomen legg reiret i ei fordjuping like ved vatnet eller helst på ei flytetorv ut på vatnet.
Dei 1-3 egg som er mørke olivenbrun med svarte eller brune flekkar.
Egglegging i mai – juni, og hos storlomen er det like stilling når det gjeld ruginga.
Egga er klekte etter 25-30 døgn, og ungane er flygedyktige etter ca 65 døgn.
-
Storlom Foto: Ronny Solheimall-rights-reserved
Storlom Gavia arctica Black-throuted diver av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.