Om prestar i Bø sokn.

Her ved Steinbryggja i Leirvik var presten henta av skysskaren sin. Steinbryggja er no ein del av Leirvik Kro.
I kvar bygd gjekk det før mange skoser og småsoger om høg og låg, gamal og ung. Når det i tillegg fanst mange framifrå forteljarar, held desse historiane seg lenge på folkemunne. No i dag står ikkje den munnlege forteljartradisjonen så sterkt; vi vert lett passive mottakarar. Men tidene kan endre seg, og i tillegg er det mange som er opptekne av det som har vore. Difor tek vi med denne skosa om presten og skysskaren hans.
Plassering i kart
Presteskyss i robåt
Bø kyrkje vart bygd sommaren 1868 og vigsla første sundag i advent same året. Vegen frå Bø bru og forbi kyrkja kom ikkje før 50 år seinare, og det var ein kar frå Kjørneset som sytte for prestekyssen og henta presten i Leirvika og rodde han ut og inn Bøfjorden.
Slitsamt å vere skysskar
Frå 1839 til 1904 var Knud Martin Ihle prest i soknet. På sine gamle dagar flytte Ihle til heimstaden sin, og nye presten heitte Ejvind Broch. Ein dag stod han i tunet hjå skysskaren utpå Kjørneset og spurde om han framleis ville syta for skyssen. Men gamlekaren rista på hovudet og sa:
– Nei, du, da går nok ikkje, for no har eg rodd så lenge med Ihlen at eg har fått brokk.
-
Her ved Steinbryggja i Leirvik var presten henta av skysskaren sin. Steinbryggja er no ein del av Leirvik Kro. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Denne bua på Midtbø rodde nok presten og skysskaren hans forbi.Her vart det drive handel frå 1884 til 1930 Foto: Håkon Haukøycbn
-
Tjeldar i strandkanten på Epleholmen Foto: Håkon Haukøycbn
-
Om presteskyssen hadde rodd ut Bøfjorden i dag, ville det sett slik ut. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Her ved Bø kyrkje var presten sett i land Foto: Håkon Haukøycbn
- Skysskaren frå Kjørneset ville neppe ha kjent att heimplassen sin, for slik ser det ut i dag.
-
Men fargespelet ved solefall var det same då som no. Foto: Håkon Haukøycbn
Om prestar i Bø sokn. av Mariell Systaddal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.