Nye vårteikn i vest

Hestehov i vegkanten i Handalen
Når snøen forsvinn, går både unge og eldre og ser etter dei første vårteikna som kjem til syne mellom rotegras, visna lauv og mose. Oftast er det kusymra og kvitveis som brått står der i blomst der sola har tina snøen og varma jorda. Her i Hyllestad er det ikkje så mange born som jublar over at dei har fått auga på første hestehoven, men har du augo med deg, vil nok oppdage han.
Plassering i kart
Stod der i vårsola
Etter ein fottur i fjellet delvis gjennom våt vårsnø, er det godt å kome ned i låglandet att og ta den siste biten heimover på veg og sti. Det er sundag 25. mars, og sola varmar godt. Her er bakkane snøfrie, og meiser og spurvar er ikkje lenger så aktive kring matebrettet.
Og då står han der og blømer i vegkanten ? hestehoven ? som eg snautt før har sett på desse kantar. Synet må fotograferast !
Driv bort hoste
Sjølvsagt har også denne planten vorte brukt som lækjemiddel gjennom minst 2500 år. Han har det latinske namnet Tussilago farfara, og det tyder som driv bort hoste. Likevel skal ikkje amatørar laga seg for mykje urtete av blad og blom, for all medisin kan ha verknader som ikkje er ønskjeleg; slik også med denne urten.
Har mange namn
I naturfagbøker vart planten ofte før kalla leirfivel, og vi kjende han berre frå bilete i fagbøker og floraer. Hestehoven pyntar skikkeleg opp i landskapet på seinvinteren, men dei fleste ønskjer han likevel ikkje velkomen i hagar og blomebed, for har kan han lette verte eit plansamt ugras. Jordstengelen kan lett slitast sund, og hestehoven kan då dukka opp alle stader. Hestehoven har truleg fått dette norske namnet fordi det utpå året veks opp store hestehovforma blad der blomsterstengelen før var.
Nye vårteikn i vest av Håkon Magnus Haukøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.