Sidemeny+

Minne frå 1941

Posted on 23. apr 2007 by in Historie, Krigsminne

I 2002 vart Leirvik skule nedlagd og etter det nytta som barnehage. Det tok nokre år før det vart rydda ut or alle rom, skuffer og skåp. På loftet som tidlegare vart nytta som elevinternat og seinare som handarbeidsrom, låg det ein modell av ein hovudskalle i ei pappøskje. Som lærar gjennom mange år i kommunen sette eg denne i samband med ein tekst eg for fleire tiår sidan hadde lese i skulebladet «Heim og Skule». Høyr no berre her !

Plassering i kart

Lidvald Stubhaug fortel
I mai 1941 kom eg til Leirvik og skulle vikariere for lærar Førsund. På den tida var det tyskarar stasjonerte i bygda.
I lærarrommet på skulen stod eit mannshøgt kranie. På hovudskallen var det med blått kritt teikna eit hakekross og skrive «Hitler». Eg nemnde dette for Førsund. Han sa at det var tyske soldatar som hadde sett dette på då dei for ei kort stund budde i skulehuset. Han ville ikje viske det ut. Såleis let eg det også stå.

Hovudskalle med påskrift
Så vart skulehuset på nytt okkupert for eit par dagar. Eg kom ikkje i hug kraniet, og vi kom i gang att med undervisninga.
Ein ettermiddag kom det stormande 2-3 tyskarar inn på rommet mitt på Foss pensjonat. Dei var væpna og førde meg utan forklaring ned på hotellet i Leirvik. I lomma hadde eg eit illegalt dikt av Arnulf Øverland. På den tida gjekk slike frå mann til mann og glødde nasjonalkjensla. Med det same eg gjekk opp trappa til hotellet, fekk eg krølla desse papira saman og kasta dei frå meg.

I forhøyr
Inne på hotellrommet sat fleire tyske offiserar. Midt på golvet stod kraniet med teikninga på. Då forstod eg. Dei spurde kva dette skulle tyda. Eg fortalde det som lærar Førsund hadde sagt. Etter nokre kryss-spørsmål fekk eg straks sleppa laus.
Juni var snart til endes og eg fekk halde skule utan avbrot resten av tenesta i Leirvik. Eg reiste derifrå til eit 2-3 dagars bibliotekkurs i Vadheim.

I fengsel i Bergen
Men saka var ikkje gløymd. Nett heimkomen til Naustdal, vart eg henta av lensmannen i bygda. Det bar med bil til Bygstad, derifrå med båt til Dale, og med bil til Leirvik. I Dale stod ein tysk offiser, og han fylgde meg sidan. Om natta låg vi på same rommet. Når sant skal seiast, var denne marineoffiseren ein skjønsam og sympatisk kar. Han gjorde berre si plikt etter ordre.
I ungdomshuset i Leirvik var stasjonert tyske soldatar. Der vart eg innsett for nokre dagar medan eg venta på å bli førd til Bergen. Eg åt og sov saman med soldatane. Eg minnest eg tala mykje med ein austerrisk bonde som hadde vorte utkommandert mot sin vilje.
Til Bergen fylgde same marineoffiseren meg, og han overlet meg til Bergen kretsfengsel. Der vart eg sett i einecelle. Eg høyrer enno smellet etter jarndøra då ho slo att etter meg. I fengselet sat eg tre veker. Eg skokk då eg på veggen oppdaga: – Haugesunder, dødsdømt 25/2-1941. Maten i fengselet var skral, men ein snill fangevaktar kjøpte ekstra mat ute i byen. Somt han kom med, var gåver frå velgjerande menneske. Vi fekk låne bøker i biblioteket, og eg fekk også skrivesaker. Eg skreiv ei novelle som diverre er komen bort.
Så kom eg opp til krigsrett. Det var som ein eksamen med mange høgtståande personar rundt eit stort bord. Eg skjøna dei hadde fåttv tak i den tyske soldaten som hadde skrive på kraniet. Dei forstod nok at lærar Førsund hadde tala sant. Kva lagnad denne soldaten fekk, kan vi tenkja oss.

CC BY-NC 4.0 Minne frå 1941 av Håkon Magnus Haukøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Håkon Haukøy, 2007
Klassetrinn: 10. klasse
Kjelder: Heim og Skule - 1969
Kommune: Leirvik