Sidemeny+

Eit merkeleg reir.

Posted on 17. apr 2007 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Det spesielle skjorareiret, bygt av metallkrokar

Skjora er svært interessert i ting som blenkjer, så mange har funne att sølvskeier og liknande oppe i skjorareir. Denne historia går på det same, men sett i system. Skulle tru ho hadde gått på bygg og anlegg…. minst grunnkurs.

Plassering i kart

Moderne stell av frukttre
Våronna er i gang og fruktbonden skjær frukt-trea sine. Under epletrea ligg mykje greiner som skjora kan nytte til reirbygging. Alt frå fyrst i mars driv ho og byggjer på reiret sitt, for det er ikkje få kvistar ho må samle, for å halde kråke, ramn og andre inntrengjarar borte frå egga sine.

Frukttrea skal ha ei spesiell form og i dag
Trea skal og formast slik at greinene bøyer seg nedover. Ser ut for at det er to måtar å gjere dette på. Nokre heng lodd på greinene, medan andre nyttar seg av lett bøyelege metallstrengar.

Den oppfinsame skjora
Dette har skjora sett seg nytte i. På denne tid er det eit skjorepar i Gloppen som greier å demontere strengane og nytte dei til reirmateriale i staden for kvist. Alt i fjor vart eit slikt reir bygt som bildet viser, og det var ikkje brukt ein kvist! Til saman vog alle metallkrokane 10,5 kg. Sjølve reirskåla laga skjora på den gamledagse måten, med skit og leire som størkna og tynne bjørkekvistar og fine rottrevlar som fôring innvendes i reirskåla. Kanskje trivselsfaktoren i det nye reiret var orsaka til at skjora la heile 9 egg. Ho legg sjeldan meir enn 5 egg.

Litt for nær nabo
Reiret var bygt i ein hagtorn som står nær huset. Kvar og ein kan tenkje seg kva spetakkel det vart av skjora frå tidleg morgon til seine kveld. Tenk deg berre ?. 9 ungar! Dette ville ikkje bonden oppleve eit år til, så han demonterte reiret i vinter. Reiret fylte heile trillebåra.

På trygg grunn i år?
Då eg besøkte bonden for å ta bilde av sensasjonen, ville eg og ha bilde av korleis han brukte strengane på sjølve frukttrea. Kom her sa han, men han fann ingen, alle var borte! Då viste det seg at den smarte skjora fortsatt tok bonden sine krokar, men reiret bygde ho i ei gran hjå naboen. Kanskje på trygg grunn. Tida vil vise.

CC BY-NC 4.0 Eit merkeleg reir. av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2007
Kjelder: Børre Tystad
Kommune: Tystad