Sidemeny+

Selje Sparebank

Posted on 21. mar 2007 by in Arbeidsliv

I eit møte 21. April 1892 sette Selje heradsstyre ned ei nemnd til å gjera framlegg til plan for ei sparebank i heradet. Den 23/9 s.å gjekk heradsstyre med på planen og løyvde kr. 2000 til grunnfon for banken. Med kgl.res 27/1 1883 vart banken godkjent.

Plassering i kart

Forstandarskapet var på 20 mann. Prost Strømme var fyrste formannen der (Eg vil må seie at Prost Strømme var meget delaktig i arbeid rundt Selje på denne tida, det kan ein også lese i andre artikklar vi i Selje har laga)..
Til styre vart desse valde: Lensmannen Hartmann, formann, klokkar Hjærtenes og bonde Paul Grytting.
Kontrollnemnd: O. Gillesvik, Hans Kvalheim , Gullik Drage.
Ettersynsmen: Telegrafstyrar Strømesøe, bonde Paul Sjåstad.
Kassestyar: Fanejunkar Listou med årslønn på kr. 50.00 fyrste året, deretter kr.160.00.
Det var noko som heite bankdag, og dette var anna kvar veke, frå 1897 kvar laurdag. I 1911 2 dagar i veka. Styresmennene fekk kr. 1,00 fir vanlege foretningsdagar og kr 0,50 for kvart stryemøte! Kassestyraren laut gje garanti for kr.4 000,00. Fråå 1897 vart årslønna auka til kr.200,00.
Etter tilhøva den gongen arbeidde banken seg fram jamt og trutt og hadde ved nyåret 1905 ei eige på kr. 23 849,89. Ved årskiftet i 1915 var eige på heile 60 071,60, so her såg ein at det økonomiske i Noreg å i Selje utvikla seg gradvis OPPOVER.

Pengevanskane ikr. 1930 fekk følgjer for banken såleis at hn att så at banken ved årskifte 1956 hadde ein rådvaldsmidel på kr 2 500 000 og ei eige på kr. 150 000, 00.
I 1904 rådde bnaken seg til å byggje eige bankhus på Hamre. Johan Bortne bygde kjellarhøgda for kr. 600.00, Kristoffer Dybedal gjorde resten for kr. 8 600,00.
Bankstyre i pr.1956 var Peder Vederhus, M.J.Berge og Audun Lødemel.
Kassestyrar: Kåre Hjerenes.

CC BY-NC 4.0 Selje Sparebank av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ole Andreas Solheim 1991
Klassetrinn: 10.Klasse
Kommune: Selje, Hamre