Sidemeny+

Norddalen skitrekk

Posted on 9. mar 2007 by in Landskap

Mange i Fjaler nyttar skitrekket i Norddalen vinterstid.

Plassering i kart

Norddalen skitrekk er eit trekk som er brukt godt i mange år. Det er også ei langrennsløype som heiter Lysløypa, mange kjem opp kun for å gå i den, og andre kjem for å stå på ski, snøbrett eller miniski. Det er også mange fine turar du kan gå opp forbi skitrekket, den eine turen er til Blåfjell, det er ein veldig fin tur! Det er ein liten kiosk der du kan handle sjokolade og brus, av og til er det vaflar og kakao, men det er berre når det er sikkert at det er mange folk som kjem for å stå på ski.

Det er også eit Røde Kors der i tilfelle ulukker skjer. Det er også sikra på toppen viss ein ikkje klarar å hekte seg av, og fær lenger enn ein skal. Berre dra ein stikkontakt ut, og skitrekket stoppar sånn at den som ikkje klarte å hekte seg av får tid til det. Sett inn igjen stikkontakten, og vakta startar trekket igjen. Det er også eit nødstopp oppe og nede i bunnen av skitrekket.

I Norddalen skitrekk har det skjedd mykje, som verdensmeisterskap i skiskyting for små. Det var ca. 60 stykke frå ca. 18 nasjonar, UWC og Svint Il i samarbeid med Dale Skyttarlag og Norddalen skitrekk. Alle synst det var artig, og det vart ein stor suksess for Norddalen skitrekk.

Det har og vore konkurranse i slalåm. Vi sette opp pinnar, og det var om å gjere å ha best teknikk. Det var mange som melde seg på, – det var hengt opp lappar om det i Dale. Alle fekk startnummer. Alle køyrde ein gong. Så vart nokon trekt vidare, så der etter når dei som vart trekt vidare måtte stå ein gong till og der trekte dei ut to til finale og den som vant fekk ein gull medalje og ein liten gull planket, og den på andre fekk ein søl medalje og ein sø planket. Mens alle dei andre fekk ein bronse planket. Det blei også ein stor suksess for Norddalen skitrekk.

Norddalen skitrekk vert drive av eit styre som er i Idrettslaget. Styret består av ein del folk som byter på å sitte vakt. Dei må ha ei vakt til å sitte i kiosken, og ei vakt som kan noko med det tekniske.

CC BY-NC 4.0 Norddalen skitrekk av Oddvar Vassliås er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Frida Annesdotter Norddal, 2007
Klassetrinn: 10. klasse, Fjaler Ungdomsskule
Kommune: Dale