Sidemeny+

Luftslag over Ytre Sogn

Posted on 5. mar 2007 by in Historie

Her på Øvre Foss voks Olav Foss opp.

Midt på nittitalet gav ei elevgruppe ved Hyllestad skule ut ei avis dei kalla Gygrekjeften. 8. mai 1995 kom det ut eit jubileumsnummer med tema: 50 år med fred.
På dei 60 sidene kan vi finne mykje lokalstoff frå siste verdskrig nedskrive av ungdomsskuleelevar i hovudsak ved hjelp av munnlege kjelder som slekt og kjenningar i nærmiljøet.

Plassering i kart

Heime på Øvre Foss
Olav Foss budde på garden Øvre Foss i Hyllestad. Dette er den garden Olav og Borghild Eikelid kjøpte og som no vert driven av sonen deira, Torleif Eikelid. På slutten av andre verdskrigen hadde Olav Foss ei dramatisk oppleving på heimstaden sin.

Luftkampar over Lølandsmarka

Det var fint vårver den seine laurdagskvelden då det hende. På det tidspunktet forstod vi alle at krigen gjekk mot slutten, men at det heile skulle gå så fort som det gjorde, trudde vi likevel ikkje. Vi var spente og noko redde for kva som skulle skje.
Om ettermiddagen denne laurdagen hadde det kome eit sveip med engelske fly inn over Vestlandet, av typen Mosquitos. Eg høyrde etterpå at det hadde gått opp sju tyske jagarar av typen Messerschmidt (Me 109) frå ein liten flyplass tyskarane hadde bygt i Askvoll. Ingen av dei tyske flya kom attende. Luftkampane som vi på Øvre Foss såg denne ettermiddagen, var mellom to engelske og to tyske fly. Kvar dei andre flya var, veit eg ikkje. Det såg ut som flya sloss rett over Fosstjønna og Knolten. Nokre gonger sveipa dei innover Krekane, ja, truleg lenger. Det var i denne fasen vanskeleg å seie kva som var engelske og kva som var tyske fly. Aldri seinare har eg sett så spennande flyakrobatikk, men så visste begge partar at dei flaug med livet som innsats.

Fly i bakken

Flya gjekk fram og attende, opp og ned, medan dei heile tida skaut på kvarandre. Eg høyrde smella, men kunne ikkje sjå at dei skaut, for vårhimmelen var ljos av sola.
Plutseleg skjena det eine av dei to flya som var lengst borte, ned mot bakken og vart borte. Det var flyet som gjekk i bakken ved Svultningen. No var det to mot ein. Kampen var kort, og no kunne eg sjå at det var to engelske og eitt tysk fly. Då visste vi at eit tysk fly var skote ned.

Flyvrak ved Myrketjønna

Etter nokre minuttar styrta også det andre flyet i bakken. Det steig opp røyk som såg ut til å kome frå området der Fosstjønna låg. Straks la eg på sprang. Då eg kom opp til Foss-tjønna, såg eg at røyken kom opp eit godt stykke lenger inne i marka, så eg heldt fram med å springe.

Eit uhyggjeleg syn

Flydelane låg spreidde utover ei helling ned mot Myrketjønna . Flygaren som var død, – og utruleg ung og hadde barnehender, låg eit stykke unna dei første flydelane. Det hadde teke fyr i kleda hans. Det lukta bensin, svidd kjøt og svidd ull.
Det var ingen ting for meg å gjere, men eg var der ei stund, heilt til eg såg eit kobbel med tyskarar og hundar kome opp frå Løland. Då la eg på sprang heimover. Då eg kom heim, hadde svogeren min og gitt seg innover for å sjå flyet. Eg hadde ikkje møtt han. Vi vart alle svært redde for han. Eg sprang innovar att for å leite eter han. Det tok tid før eg møtte han. Han var mindre kjend i Fossmarka enn eg, og hadde så vidt eg hugsar, gått seg noko vill. Vi var glade då vi kom heimatt, og alle kunne setje seg til bords. Potetgrauten med feitt og litt svart sirup smakte ekstra godt.

Dei omkomne

Seinare høyrde eg at tyskarane hadde henta dei to unge kampflygarane og lagt dei under ein seglduk bak butikken til Knut Wolff. Flygarane som berre var 16 – 17 år gamle, vart lenge gløymde av tyskarane, men dei vart til slutt kistelagde.

Forfattarar:
Theresa Eikelid
Anita Høyum

Nokre tilleggsopplysningar

I Hyllestad Bygdebok Bind 2 -finn vi desse opplysingane om garden Øvre Foss:

Gullak Foss, gardbrukar 1923 -1955. 4 born – Olav, fødd 1926.
Olav H. Eikelid, gardbrukar 1955 – 1972.

Tilleggsopplysningar frå nyare faglitteratur

I boka
«Krigsår»
Liv og lagnader i Sogn og Fjordane – 1945, Selja Forlag- Grethe Eithun, Kjell-Ragnar Berge og Hermund Kleppa,
kan vi på side 281 lese meir om dette luftslaget over Ytre Sogn, og her oppdagar vi at Olav Foss har missa litt på kva typar engelske og tyske jagarfly som var i aksjon. Vidare kan vi i boka til Malvin Toft m. fl. «Havet tok» – også finne ut at det var frå flyplassen Herdla nord for Bergen at dei tyske flya letta. Men no var det nok ikkje desse detaljkunnskapane det som brende seg mest fast i hugen til Olav Foss denne aprildagen i 1945.

7. april 1945

Hyllestad – Lavikdal: Luftkamp mellom allierte Mustang og tyske Focke Wulf jagarfly i samband med flyangrepet på D/S Oldenburd i Vadheim. Flight Lieutenant Pearson skyt ned to tyske jagarfly, og begge flygarane misser livet. Flyet til Fähnrich Ernst Tergl, 25 år, styrtar ved Sørestrand på Lavikdalen, medan flyet til Unteroffizier Walter Opitz, 21 år, styrtar ved Myrketjørna i Lølandsmarka. Eit alliert Mustang fly med Flight Lieutenant Watt frå skavadron 65 vart meldt sakna, og er sidan aldri funne.

Meir lesnad finst også
I boka Havet tok av Malvin Toft m. fl. utgjeven på Selja Forlag i 2003 kan ein lese meir om desse hendingane og bakgrunnen for dei i kapittelet «Piratskipet på botnen av Vadheimsfjorden».

CC BY-NC 4.0 Luftslag over Ytre Sogn av Håkon Magnus Haukøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Theresa Eikelid, Anita Bøyum, 1995
Klassetrinn: 7. klasse
Kjelder: Gygrekjeften, 8. mai 1995 - elevavis Hyllestad skule. Malvin Toft m. fl: Havet tok - Selja Forlag 2003 Eithun, Berge, Kleppa: Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane - 1945 Selja Forlag Bygdebok for Hyllestad. Bind 2.
Kommune: Lølandsmarka