Sidemeny+

Lokale namn langs Skadalsvegen

Posted on 8. mar 2007 by in Ferdsle, veg og sti

Mange eldre stadnamn står i fare for å verte gløymde. Her er nokre gamle, lokale namn frå området mellom Sletteland og Skadalen.

Plassering i kart

Skadalsvegen tek av frå riksveg 57, og begynner ute i «Bakkane» på Sletteland, ca 2,5 kilometer utanfor Dale sentrum. Vegen fører til små plassar der det bur fleire folk, som for eksempel Løseth, Ormehaug / Risting og Skadal. Bakkane har fått namnet sitt fordi det er eit område med mykje bratte bakkar.

Vidare inn kjem vi til «Urene» og «Urareset.» Desse plassane har truleg fått namnet sitt fordi det er mykje stein og steinurer på dette området og det var tidlegare eit bratt «res» som vegen gjekk oppover.

Den neste plassen er «Harpefossen». Dette er ein foss i Skadalselva som på denne plassen renn heilt inntil vegen. Den har tidlegare vore brukt til bading, og som fiskeplass. Den har fått namnet fordi fossen er forma som ei harpe. Fossen er lite brukt til noko i dag, sidan det har vorte vanskelegare å komme seg ned dit, og det er færre som bur i nærleiken av den i forhold til før.

Rett etter «Harpefossen» kjem vi til «Gjerdebrua.» Dette er ei bru som fører opp til ein stad som lokalt vert kalla for «Gjerde,» som meir eller mindre forklarar grunnen til namnet på denne brua.

Litt lengre inn vegen kjem vi til «Grønegrinda.» (Frå gamalt av var det 5-6 grindar på denne vegen for å skilje mellom eigedomane, seinare har dei vorte erstatta med ferister.) Dette er ei grind som etter gammalt stod der for å hindre kyr og andre dyr å springe vekk og over på andre sin eigedom. Grinda var grøn, og har derfor fått dette namnet. I dag er grinda borte, og erstatta med ei fe-rist, og litt gammalt metallrekkverk som står attmed. Dette er eit veldig gammalt namn, og det er ikkje så veldig kjent. Grinda var skilje mellom innmark og utmark på Sletteland.

Neste stopp er «Løsethbrua.» Dette er etter namnet på ei bru over elva, der vegen fører til staden Løseth, som er 1-2 kilometer lengre opp vegen, viss du tek til høgre. Opp vegen der er det og ei lita elv som er brukt ein del som brønn for dei som bur på Sletteland.

Ca 50 meter frå Løsethbrua finn vi «Torvehaugane.» Dette var etter gammalt ein mjølkeplass. Staden har fått namnet fordi det er opp ein liten bakke etter brua inn til Løseth, og det var mykje torv der.

Så kjem vi til «Øyane.» Det har fått namnet sitt fordi det er eit område ved ei elv der det var fleire øyar, men dei er no vekkdyrka og det er kun ei øy igjen.

Etter Øyane kjem vi til «Annekleivane.» Dette har fått namnet fordi det var ei bratt kleiv og fjellgrunn der. Kvifor den har fått namnet Anne er ukjent. Det er også her den nye vegen til Risting/Ormehaug tar av til venstre.

Vi kjem no til «Kvernhushølen.» Dette var ein plass som etter gammalt ofte var brukt til bading og/eller fiske. Det var og eit kvernhus som stod der, og vatnet frå kvernhuset rann ut i hølen, og det er derfor den har fått dette namnet.

Neste er «Vollabrua.» Dette er ei bru der ein kan ta av til høgre. Brua har fått namnet sitt fordi vegen går til ein plass som heiter Vollen, der det er flatt.

Lenger inne finn vi «Hanshola.» Her starta gamlevegen opp til Ormehaug og Risting frå Skadal. Det er ei flate, og var beitemark. Det kan tenkast at det etter gammalt var ein mann som heitte Hans som eigde tomta, og at det derfor har fått ?Hanshola? som namn, sidan det er eitt «hol» inn i terrenget.

«Skadalsgrinda» er ikkje så lenge etter Hanshola. Den er grensa mellom Sletteland og Skadalen.

Lenger inne er «Skulesteinen.» Det er ikkje kjent korleis denne steinen fekk namnet, men det kan tenkast at det i gamle dagar var ein skule der inne, som låg attmed steinen.

Lengst inne, ved slutten på vegen, er «Bruabakken.» Dette er rett og slett ein bakke ved ei bru. Som sagt er dette enden på vegen, og her i frå kan ein gå over fjellet og inn i Norddalen.

CC BY-NC 4.0 Lokale namn langs Skadalsvegen av Oddvar Vassliås er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Øyvind Sunde, 2007
Klassetrinn: 10 klasse Fjaler Ungdomsskule
Kommune: Dale