Sidemeny+

Kanona i Drøsdalen

Posted on 11. mar 2007 by in Museum

Foto: Geir S. Ulvikcbn

Kanona på flagghaugen

Kanona på flagghaugen i Drøsdalen kjem frå Canada og er 250 år gammal.
Her er litt opplysningar om korleis ho hamna heime hjå oss.

Plassering i kart

Før Canada blei eit fritt land var det delt mellom Frankrike og England.
Til ca.1750 eigde Frankrike Labrador, og England eigde Newfoundland.
Mellom desse gjekk Belle Island-stredet. Her gjekk all skipstrafikk til og frå
Europa. På begge sider av stredet var her festningar til vern mot angrep frå skip.

Kanonen på flagghaugen i Drøsdalen kjem frå Labradorsida, den er ca. 250 år gammal. Då familien Steiestøl budde i Canada (ca. 1964 – 1970) fekk farfar mange gode venner i fiske- og fangstmiljøet på austkysten.
Farfar samla på gamle skytevåpen og fikk tilbod om ein kanon (trudde det var ein spøk). Vinteren 1969 blei kanonen dradd av hundespann til fjæra. Til slutt kom kanonen til Drøsdalen, og der står den endå, og der vil den stå so lenge som mulig.

CC BY-NC 4.0 Kanona i Drøsdalen av Malene Steiestøl er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Malene Steiestøl, 2007
Klassetrinn: 6. klasse
Kjelder: farfar
Kommune: Drøsdal