Sidemeny+

Ingolfr Arnarson – Første landnåmsmannen på Island

Posted on 9. mar 2007 by in Immateriell kulturarv

Ingolfr var fødd her i Dalsfjordområdet. Mannen er myteomspunnen og romantisert – ein skikkeleg Dalsfjordhelt.

Plassering i kart

Ingolf Arnarson levde rundt 800-talet. Han hadde ei søster som bar namnet Helga og ein fosterbror som hadde namnet Leif. Leif gifta seg med Helga seinare. Ingolf si kone hadde namnet Hallveig.
Ingolf og Leifur hamna i konflikt med dei tre brørne Håstein,Holmstein og Herstein. To av dei vart drepne. Håstein og far hans, Atli, var ein mektig jarl. Dei to ville få Ingolf og Leif ut av landet og få alle deira egner og land. Dei måtte difor forlate Noreg. Dei vart dømde til utlegd på Tingmoen (Dingemoen i Dale). Leif og Ingolf skulle no utforske landet som Hrafna-Floki (Ramne-Floke) hadde oppdaga. Floki Vilgerdarson var namnet hans, men han fekk namnet Hrafna-Floki fordi han eigde tre ramnar. Ingolf og Leif fann Island, og var der ein vinter. No ville Ingolf reise tilbake til Noreg og hente familien sin og egnene sine.
Medan Ingolf reiste til Noreg, drog Leif til Irland på ransferd. Der drap han ein rik mann, og vart etter det kalla Hjörleif. Hjör er eit anna ord for sverd.
Hjörleif tok også ti slavar med seg til Noreg. Fem av desse irske slavane hadde namna Dufþakr, Geiröðr, Skjaldbjörn, Halldórr og Drafdritr. Dei andre sine namn veit vi ikkje. Ingolf og Hjörleif flytte tilbake til Island, i det året Harald Hårfagre hadde vore konge i 12 år. Ingolf og Hjörleif hadde kvart sitt skip, dei var samferda helt til dei kom til Island, der dei segla kvar sin veg. Då Ingolfr såg landet, let han sleppe ut i sjøen to søyler, laga av tre.
Han svor på at der søylene ville komme i land, skulle han busette seg. Han gjorde dette fordi han hadde stor tru på gudane. Ingolfr kom i land i Ingólfshöfða, og sende då to av slavane sine for å finne søylene. Dei fann då Hjörleif død, og ingen av hans slavar i nærheten. Dei reiste tilbake igjen for å fortelle Ingolfr om drapet. Ingolfr leitte etter Hjörleifs slavar og fann dei på øya Vestmannaeyjar,og der drap han dei.
Ingolfr sine slavar fann seinare søylene, og gav Ingolfsplassen namnet Reykjavik grunna all den røyken som kom frå dei varme kjeldene. Der busette Ingolfr seg.

CC BY-NC 4.0 Ingolfr Arnarson – Første landnåmsmannen på Island av Oddvar Vassliås er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Jon Kolbeinn Gudmundsson, 2007
Klassetrinn: 10. klasse, Fjaler Ungdomsskule
Kommune: Dale