Sidemeny+

Sophus Lie reknekonkurranse.

Posted on 23. feb 2007 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Gutane slit med å halde følje med jentene

Natur, kultur og media elevbedrift ved Gloppen ungdomsskule deltek på reknekonkurransen «til glede og nytte i andre fag enn berre matematikk.» Her finn du ein simulator elevbedrifta har laga. Det er berre å prøve.

Plassering i kart

Uteskule
Oppgåvene har elevbedrifta valt utifrå eit av skulen sine satsingsområde: uteskule, der skulen ynskjer å utvide repertoaret av arenaer for fysisk aktivitet i skuletida. I samarbeid med Gloppen Jeger og Fiskeforeining som eig ei hytte i Røsskleivdalen, har vi hatt oppdrag med å utarbeide ein foldar med statistikk over fangstresultatet i det flotte fiskevatnet som ligg i dalen. Bilde og tekst til denne foldaren har elevane henta frå nettsida www.geoatlas.no som dei og har vore med på å yte bidrag til. Kanskje kan eit slikt arbeid motivere både lærarar og elevar til å vitje denne naturperla med ørret heilt opp i 2,5 kg. klassen, hekkande fjellvåk, smålom og sjeldne blomstrar.

Kroppsøving og 12-test
Den andre rekneoppgåva tek føre seg kondisjonsbegrepet. Elevane brukar 12-testen som utgangspunkt for dette temaet. Det blir spennande på 12-testen til våren. Kva kan den nybakte NM-vinnaren for jr. Trygve Gåsøy greie på testen? O2-opptaket skal vere i orden på den karen. Utgangspunktet blir då noko alle elvane har opplevt, og følt skikkeleg på kroppen. Teori vil gjennom både naturfag og kroppøving bli knytta til testen både før og etter. På denne sida vil du kunne prøve ein simulator der du går inn og endrar på distansen, så får du sjå kva som skjer

CC BY-NC 4.0 Sophus Lie reknekonkurranse. av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2007
Kommune: Sandane