På GeoAtlas finn du tverrfaglege artiklar publisert av studentar, elevar og lærarar. Tema kan vera henta frå naturen, historia og kulturen dei omgir seg med. Les meir om GeoAtlas.
Prosjektet er no avslutta og det er ikkje lenger mogeleg å registrere seg som brukar og opprette eller redigere artiklar på GeoAtlas.
Gloppen ungdomsskule har hatt vitjing av John Palmer som er rektor på ein skule i New Zealand. Natur, kultur og media EB fekk høve til å vise han det arbeidet bedrifta jobbar med. Her kjem John si tlbakemelding om korleis han vurderte arbeidet til elevane i bedrifta. Arbeid som for det meste er gjort på fritida. Forretningsideen går kort sagt ut på å markedsføre stoff som dei fyrst legg inn på Geoatlassida, og stoffet er råd å selje i fleire variantar. Berre sjå heimesida til bedrifta www.naturkunnskap.no
Plassering i kart
Eg er ein lærar og rektor på ein skule i New Zealand. Eg besøkjer skular i Norge. På Gloppen Ungdomsskule viste dei meg datasida si som blei premiert, og eg vart introdusert for dei som har utvikla dette prosjektet. Arbeidet som er lagt ned er veldig imponerande og avansert på den måten konseptet og designet er utført. I prosjektet brukar dei data, naturfag, matte, litt friluftsliv, kunst osv, denne integrasjonen er eg sikker på ligg i verdstoppen. Eg er veldig interessert i å forklare og prøve å utvikle forbindelsar i New Zealand på same måte som Gloppen Ungdomsskule har gjort. Lærarar, elevar, tidelegare elevar og forelde på Gloppen Ungdomsskule burde vere veldig stolt av arbeidet sitt og resultatet.

Omsett til norsk av Erik Slagstad 9B
Nokre frå elevbedrifta ilag med gjesten frå New Zealand