Sidemeny+

Med Bestefar i Båt på Bøfjorden

Posted on 28. feb 2007 by in Arbeidsliv

Her på Bråstad har Andreas og Eirik basen sin når dei vitjar Bøfjorden.

Bestefar til Andreas og Eirik bur på Bråstad i Bøfjorden. Han likar å fiske, nett som Andreas og Eirik, og difor besøkjer dei han i helgene no og då. Då set Bestefar alltid ut garna på fredagskvelden, og laurdagsmorgonen er det tidleg frukost, og så er det ut og dra trollgarna. No har dei spennande timar framføre seg.

Plassering i kart

Hobbyen eller Askeladden ?
Bestefaren har to båtar- ein Hobby med ein 30 HK Yamaha og ein Askeladd med 9,9 HK.
Bestefaren er ein ivrig Yamaha-fan, og let heller ille over andre typar utanbordsmotorar. Askeladden høver best til garnfiske nært land, og både båt og motor har tolt mange overhøvlingar.
Når me er på sjøen, viser bestefaren oss gode fiskeplassar, og vi lærer mykje om det som lever i fjæra og i havet. Han seier born og unge er altfor lite på sjøen no til dags. Dei veit knapt korleis eit garn skal setjast, og kva slags fisk som er vanleg å få.

Garn eller snøre ?
Bestefar er ein typisk garnfiskar. Det er ikkje ofte han prøver slukstanga eller svenskepilken. Andreas og Eirik fiskar gjerne med sluk, og no er dei så store vortne at Bestefaren let dei gjerne låne Askeladden, men sjølvsagt må det køyrast vetig, og redningsvestane må vere på.

Harpefisket på fluene

Når makrellen bit, eller det er gode førekomstar av pal, reiser gjengen på Stavsnesflua eller Treleviksflua og prøver fiskeharpa. Då kan det verte liv. Ofte hender det at det er fisk på kvar gummimakk, og er det makrell, vert det liv når dei sprellar inn over ripa.

Fiskekvalitet er viktig

Bestefar er svært nøye på korleis vi steller fisken. Når det er varmt i sjøen, fiskar vi sjeldan med garn, for garndaud fisk er dårleg vare. Men haust, vinter og vår må trollgarna i sjøen om ikkje sørvesten blæs for ille. – Ein rakkars plass i slikt ver, seier Bestefar.
Fisken vi får, vert filitert, og endar opp både skinnfri og beinfri. Dette er flott vare å ta med seg når gutane dreg heimatt til Lavik og Kyrkjebø.

CC BY-NC 4.0 Med Bestefar i Båt på Bøfjorden av Håkon Magnus Haukøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Andreas Haukøy Bosdal og Eirik Blikken Haukøy,2007
Klassetrinn: 7. klasse
Kommune: Bøfjorden