Sidemeny+

Karihola på Øyrane i Espedalen

Posted on 19. feb 2007 by in Immateriell kulturarv

Opphavet til namnet Karihola i Espedal

Plassering i kart

Ein morgon i 1743 sat husbondsfolket på Øyrane i Nedre Espedal og fekk seg mat.
Kongevegen mellom Leirvik og Dale gjekk gjennom tunet Då dei såg ut gjennom glaset, fekk dei auge på noko som ikkje høyrde til der. Det var ein klebylt som låg i ei hole attmed vegen.
Bylten viste seg å innhalde eit jentebarn innpakka i svært fine klede. Det lukkast ikkje å finne fram til foreldra til jenta. Det hjelpte ikkje at husbondsfolket var nærskylde til lensmannen. Jenta vart verande på garden. Ekteparet som fann henne, tok henne til seg som sitt eige og ho vart seinare kone på garden. Jenta vart døypt Kari og hola der ho vart funnen heiter Karihola den dag i dag.

CC BY-NC 4.0 Karihola på Øyrane i Espedalen av Oddvar Vassliås er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Oddvar Johan Vassliås 1948
Klassetrinn: lærar
Kjelder: Fjaler 2005 Fjaler Soga Utg. 1974 Muntlege kjelder