Sidemeny+

Heksedans i juninatt

Posted on 26. feb 2007 by in Immateriell kulturarv

Frå Gygrekjeften kjem tonar ....

Ved Hyllestad skule var det lenge sjølvsagt at alle ungdomsskuleklassar hadde bak seg overnattingstur på Lifjellet. Dette var opplevingsturar som visseleg vert sitjande lenge i minnet til både lærarar og elevar. Hendingar frå turane kunne leve vidare i både forteljing, dikt og bilete. Ein slik tur eg var med på i 1991, kjem eg aldri til å gløyme.

Plassering i kart

Eg kraup nedi soveposen,
mjukt oppå lyng og lav,
og trekte opp glidelåsen
der to tusen fot over hav.
Med kvelden kom junibrisen;
han rørde ved grastust og blad,
og saman med Lifjellsrisen
dreiv utyske langt av stad.
Det var stille skumringstime;
slik skulle alle det hatt.
Gutane låg i svime,
trøytt etter forrige natt.

Frå Gygrekjeften kjem tonar
Brått kvapp eg til og lydde,
Høyrde så svak ein om.
Var det ville vetter som flydde,
eller var det nokon som kom ?
Frå Gygrekjeften kom tonar,
det høyrdest som eldgamalt spel.
Var det hekser eller demonar
som dundra på koparkjel ?
Eg gløtta på augeloket;
Ein skapnad då eg ser,
og brått auka også bråket.
No var dei jammen nær.

Redsla gjennom meg gys
Eg låg framleis med hovudet på tua.
Då ser eg eit underleg lys
som svake elden frå grua.
Redsla gjennom meg gys.
Eg går mest ifrå sans og samling,
det kulsar nedetter rygg.
-Det er hekser, ser du, din gamling.
No lagar vi heksebrygg !
I lufta sviv søte angar
av mexicansk gryterett,
og trommehinna mi fangar
raping av ein som er mett.
No var eg stiv som ein påle
-eit pust og varlege steg –
eg høyrde på heksemålet
at no kom dei bortåt meg.

Nattmåltid
-Haukøy og hei ! sa ei stemme.
No er me god og mett.
Her skal du i deg klemme
hexicansk gryterett.
Eg opna på augegluggen.
Stian over meg stod
smørblid i natteskuggen:
-Forsyn deg av panna no !
I ørska eg slafsa og svalde
Kjøt og pølse og sos,
mens Stian stod og fortalde;
Me hadde det skikkeleg kos.
Eg løyvde nok to – tre munnar
og rapa og sa eg var mett.
Dei så bort til Arviden skunda:
– Her skal du få ein skvett !
-De må «kje la Arviden eta
det eg har slurpa i.
Men Stian sa: – Då skal du vita
at du åt som nummer ti !
Det var slik i sommarnatta
mens grendene kring om oss sov:
vi levde, nytte og takka,
Og alt som var godt, det var lov !

CC BY-NC 4.0 Heksedans i juninatt av Håkon Magnus Haukøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Stian Rysjedal/Håkon Haukøy, 1991
Klassetrinn: 9. klasse