Grønspett (pirus viridis)

Grønspett
Her på Vestlandet er grønspett og flaggspett dei vanlegaste spettene. I tillegg har vi gråspett som liknar grønspett. Vi har og kvitryggspett som liknar flaggspett.
Plassering i kart
Kjennetegn
Grønspett kan berre forvekslast med gråspett.
Begge har grøn rygg, gulaktig overgump og grå underside. Grønspett
har eit grågrønt skjær i brystet Og ho har eit større mørkt felt i
hovudet. Hannen har ein raud flekk under auget.
Begge kjønn har raud isse. Ungfuglen er lik hoa, men med mørkegrå spetter i
hovudet og heile brystet.
Om våren kan vi høyre eit høgdt oip-oip-oip-oip som dalar mot slutten.
Vi kan og høyre eit lavare kly-kly-kly-kly. Nebb-tromming er ikkje vanleg for grønspetta
Ho har ei karakteristisk flukt med djupe bølgjer.
Næring og adferd
Grønspett som er 36 cm lang, er den nest største av spettane i Noreg.Berre svartspetta er større.
Ho er den spetta som er mest på bakken, Og lever mest av maur og mauregg
som ho grev fram i maurtuer og lagar store hol og ruskar til ganske
mykje. Ho klare han ikke og grave langt nok, så ho brukar den lange klebrige
tunga si som ho stikk inn i dei trange gangane i tua.
Ho lever og av larvane til barkebiller og trebukkar, og litt bær om hausten.
-
Grønspett Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Grønspett Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Grønnspett Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Grønspett Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Grønspett på leit etter mat Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Grønspett Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Grønspett hann Foto: Ronny Solheimall-rights-reserved
Grønspetta likar seg best i lauv- og blandingsskog nord til Helgeland og tilfeldig nord til Troms.
Begge kjønn hakkar ut reirholet i eit lauvtre, helst ei osp. Diameteren på flygeholet er ca 6 cm
Det blir lagt 5-8 glinsende kvite egg på trefliser i mai (juni).
Begge kjønn rugar til saman i 14-19 dagar og ungane forlet reiret og
er flygedyktige etter 15-28 dagar. Grønspetta er for det meste ein stand- og streiffugl.
Grønspett (pirus viridis) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.