Sidemeny+

Breimsvatnet

Posted on 6. feb 2007 by in Landskap

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Breimsvatnet i mars 2004. Skjorta og Kandalen i bakgrunnen.

Breimsvatnet vart greve ut under siste istid. Terrenget vestover mot Sandane var kraftig nedtrykt av isen, slik at Gloppefjorden gjekk heilt inn fil Førs. Du kan sjå den marine grense rundt idrettsbana på Reed som det finaste amfi. Det er vel mindre kjent at det også var eit vatn etter istida som låg på flatene bak skulen på Reed.

Plassering i kart

Fiske i Breimsvatnet
Breimsvatnet har lenge vore kjent som eit godt ørretvatn, der fisken vert til dels svært stor. Det er sikkert mange gode fiskeplassar, men det går gjetord om smellfeit fisk som kjem inn på grunt vatn ved Vassenden, der Breimsvatnet renn ut i Gloppeelva. Gardane på Ryssdalsnes har rett til å kaste etter ørreten om hausten, og det er ikkje uvanleg å få fisk på over 6 kg. Han er kort og smellfeit, nesten vanskapt. Rekordfangsten er på 12,5 kg og den fisken vart teken meir innover mot Kandal.

CC BY-NC 4.0 Breimsvatnet av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2007
Kommune: Breim