Bøheia – grei skogstur

Turgåarar møtest på Bøheia og skriv seg inn i trimboka.
Mellom trauste fjelltrimmarar i Hyllestad ragar ikkje Bøheia mellom dei ti gjevaste turmåla, men har du ein ledig time mellom sportssendingane på fjernsynet eller før sundagsmiddagen er ferdig, vil ein tur på Bøheia vere høveleg og sunt tidsfordriv. Store førebuingar trengst ikkje, men godt fottøy er ein fordel, for ein av stiane går over mange små myrar.
Plassering i kart
Klar til start
Byggjefeltet i Ytre Bø er eit greitt utgangspunkt for turen; her er det og lett å finne parkeringsplass om du kjem med bil. No er du alt om lag 50 meter over havet og har ei stigning på 300 meter før du er på toppen. For ein vanleg turgåar vil turen opp og ned vere unnagjort på ein til to timar.
I all slags ver
Stien mot Bøheia går hovudsakleg gjennom skogsterreng; berre heilt oppe er lendet noko opnare; difor er det mange som tek denne turen når det regnar og bles, for her tek ikkje vindkulene så hardt. Undervegs har ein altså ikkje det store utsynet, men då får ein heller konsentrere seg om dei mange detaljar skaparverket har å by på.
Mot toppen
Først vel halvveges møter du på nokre brattkneikar; dei er slett ikkje lange, men greie nok for den som tek turen som ei treningsøkt og likar å sveitte litt. Bøheia dukkar ikkje opp framfor deg som noko storfelt, men som namnet fortel: ei hei i landskapet. Like under toppen ligg Mørketjønna; skikkeleg idyllisk i vårmorgonen eller ved solefall sommardagen.
Utsyn alle leier
På toppen står du altså 350 meter over havet. Småskogen står heller tett kring deg, men små kollar rundt ikring gjev deg fine utsiktspunkt 360 grader rundt. Du kan studere Sognesjøen, Sognneskollen og Solund i vest; vidare nordover ligg mange av dei andre turmåla i Hyllestad: Lifjellet, Kolgrovheia, toppane over Sørbøvåg og Hesjetinden. Ja, skal du først på Bøheia, så ta med deg kikkart og fotoapparat.
God tur !
-
Turgåarar møtest på Bøheia og skriv seg inn i trimboka. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Like etter start går du forbi den nedlagde plassen, Urebakken, der folk budde til kring 1930. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Frå Urebakken har du utsyn til Havyard Leirvik og grenda Bråstad. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Om ikkje utsikta undervegs er storfelt, byr naturen på mange fine detaljar. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Det kryr av forvridde furutre i alle variantar. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Om hausten kan du finne godt med tytebær i Bømarka. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Like under Bøheia ligg Myrketjønna. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Rett mot vest ligg Sognneskollen, liknar mest ein vulkan. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Vakker solnedgang ved innløpet til Bøfjorden. Foto: Håkon Haukøycbn
Bøheia – grei skogstur av Håkon Magnus Haukøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.