Bøfjord Redningsforening – dei ville redda liv og berga verdiar. (Del 1)
Det gjekk 60 år frå Colin Archer i 1894 berga 37 menneskeliv i orkan på Finmarkskysten til Redingsselskapet fekk ei lokalforening i Bøfjorden – dei kom seint, men dei kom godt ! Og som moderselskapet, vart også redningsforeninga her eit tiltak alle tykte om. Innsatsen kan ikkje verdsetjast nok, for sjølv om farkostane våre i dag er som skip som ikkje kan søkkje, redda Redningsselskapet i 2001 40 menneske frå å omkoma.
Plassering i kart
1950 åra – foreiningslivet blømer
Det var ein gong at det i mest kvart tun i Bøfjorden fanst ein liten flokk ihuga kvinnesjeler som dreiv fram si foreining eller sitt lag og sin basar. Nemnast kan helselaget, bondekvinnelaget, fleire misjonsforeiningar og redningslaget.
-Da vert for få vekedagar til all dinna aktiviteten, skal gamle Berent Elias på Bråstad ha sagt. For at alle desse ivrige kvinnehendene skulle ha sjanse til å støtta verksemda i det laget dei ønskte, vart fredelege forhandlingar gjennomførde, og vekedagane fordelte slik det høvde best.
Redningsbasaren
Ei årviss populær tilstelling i Leirvikgrenda var redningsbasaren som Bøfjord Redningsforening skipa til. Det er mest umogleg å skildra stemninga i gymnastikksalen på skulen når alt var klargjort til basar i vårkvelden. Vene og kostesame gevinstar var hengde opp langs veggene; dei siste namna på loddbøkene var skrivne ned, angen av kaffi seig inn frå skulekjøkkenet, og sekretærane Helgesen og Rikstad med filmapparat verka på liten og stor som flugepapir i ei sommarvarm stove.
Må verta hugsa !
Det er ikkje lett å lesa seg til kva innsats kvinnene i dei ulike laga la ned, og kva dei betydde for organisasjonane dei arbeidde for, men er du så heldig at du får samla nokre av dei samla kring ein kaffikopp og eit bord med ein skikkeleg brodert basarduk med blonder, strøymer det på med både forteljarglede og gode minne.
Redningsforeninga vert skipa
Tidleg på femtitalet byrja soga til Bøfjord Redningsforening. Ved fleire høve hadde Carl Wolff gjort seg til talsmann for at det i bygda burde skipast eit støttelag til Redningsselskapet. -Dette må vi berre få til, hadde han sagt ved fleire høve, og etter eit møte på pensjonatet som samla ein flokk interesserte, var skipinga eit faktum.
Første møtet i foreininga vart halde i heimen hjå Ingrid og Carl Wolff.
Eldsjeler
I nær tretti år, frå 1954 til tidleg på åttitalet, var redningsforeninga i Bøfjorden driven mest som eit mønsterbruk, og Signe Amalie Braastad vart den drivande krafta i laget. Ho var fødd og oppvaksen på Værlandet, og hadde både gjennom soger og eiga røynsle fått kunnskapar om kva plikter kvar og ein hadde når folk var i naud på havet.
Kvinnene i Redningslaget var ein humoristisk gjeng, spesialistar på sitt område og på ingen måte kviafulle. Stort sett var det sjøvegen, kjerrevegar og meir og mindre steinete stiar som batt gardane saman, og som damene måtte nytta når dei samlast i forening om tysdagskveldane som var den vekeøkta som stod att ledig til såvoren aktivitet. Dei samlast då i heimane etter tur i Slettåsen og på Tveit, på Bråstad, i Vikane og på Heggebøen, og i fyrstninga også i Bøen.
I forening
Me må ta ein tur innom eit slikt foreningsmøte.
Sjølvsagt går praten lett i slikt eit lag, men det gjer også strikkepinnar, heklenåler, synåler og brodersakser. Genserar, strikka og broderte dukar, ja, alt frå grå leistar til dei finaste stiva og oppsukra, kvite korger vert trylla fram av ivrige hender. Kvar har sin spesialitet: Randi kantar dukane med finaste blonde, Margit strikkar, og Ovidia var ein allroundar som både heklar, strikkar og broderer.
Aslaug har det travelt i kveld, for damene er samla på Gardsneset, og ho er vertinne, og alle som kjenner Aslaug, veit at ho er ikkje knipen med serveringa.
-Me held oss godt i kosten, smilar ho.
Låtten kjem ofte, og historiene vert mange før kvelden er omme.
Margit skjemtar på sin lunefulle måte om då ho stranda på Bråstadskjeret på veg heim frå forening i Bøen, og nesten trong hjelp frå både los- og redningsskøyte.
Då må berre Ovidia fortelja Gunnvor om korleis det gjekk på heimvegen gjennom Kalsvikura sist dei var på Tveita. -De veit no ka slaps og klakje da va, seier ho. -Og då me nærma oss Haneskaret, trur du ikkje da kom ei vindrosa og vrengde paraplyane våre or hendene og hengde dei til skremsel i ein tretopp so alle kunne sjå kor foreninga hadde vore i gårkveld !
Arbeid og planleggjing
Det vårast på ny i Bøfjorden; kvinnene har arbeidd godt gjennom vinteren, og redningsbasaren er like om hjørnet. På siste møtet hjå Randi vart opplegget gjennomgått: kva skulle ut på bok, kven av skuleborna skulle sykla kringom med loddbøkene, kor mange åresal vart det, hadde dei snakka med reisesekretærane i Redningsselskapet ?
Heller ikkje denne kvelden var føreforholda dei beste, for holka hadde ikkje heilt sleppt taket. Då damene i skyminga med kvar si lommelykt forlet Heggebøen, gjekk dei straks ut i vifteform for å unngå dei verste isflaka.
Då naboen kika ut vindauga før han sløkte utlyset og såg alle lommelyktene i spreidd framrykning nedover bøen, lurte han fælt på om det var leiteaksjon eller heimevernsøving på gang, og fekk sova dårleg den natta.
Bøfjord Redningsforening – dei ville redda liv og berga verdiar. (Del 1) av Håkon Magnus Haukøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.