Sidemeny+

Bøfjord Redningsforening – Dei ville redda liv og berga verdiar. Del 2.

Posted on 8. feb 2007 by in Arbeidsliv

Foto: Håkon Haukøycbn

Roleg dag for redningsskøyta

30.mai 1979 hadde Bøfjord Redningsforening 25 – års jubileum, og då vart markeringa og basaren opna med denne prologen. Her får lesaren eit tidsbilete frå dagar då dugnadsånda og gagnleg arbeid for dei som trong det, var sjølvsagt; nokre ytte innsatsen sin her, andre der, og samla ytte desse foreiningskvinnene eit storverk.

På kysten langsmed vårt langstrakte land
i storm og stille me ferdast kan
i vissa om at hjelpa er nær
dersom uhellet ute er.

Grunnstøyting, lekkasje eller motorstopp:
redningsskøyta kjem straks ho vert kalla opp.
Om skumskavlar bryt kringom skjær og odde,
og lufta er regntung og tjukk av skodde;
mot og vilje fram mannskapet driv,
for å berga verdiar og menneskeliv.

Dei utfører mange og tunge tak,
men hugs: det står også nokon bak
som år etter år legg all vilje i
å støtta Redningsselskapet si sak og økonomi.

Kring 4000 foreiningar vi finn i vårt land
som held verket til NSSR i gang.
I Bøfjorden har Redningsforeninga vår
i vinter som var, fylt eit kvart hundre år.
Og med alt det som dei kvart år produsera?,
skulle det sanneleg vera grunn til å jubilera.

Det heile starta i femtifira
av kvinner frå Bø- og Bråstadsida.
Og sidan har dei hatt for vane å koma i lag
til foreining sånn kvar fjortande dag.
Rykande kaffi og veldekka bord
syter for at arbeidsinnsatsen vert stor.
Løparar og dukar i hardangersaum
kjem frå flittige hender mest som ein flaum.
No er dei tolv som dette lagar,
men fleire var med i gamle dagar.

I stovene sat dei på rekkje og rad.
?Nett so på ?Kommandøren? dette,? var det ei som sa,
og når omnen heta, og nevane dovna,
hende det jamvel at einskilde sovna.

Til basar i ungdomshuset samlast so alt,
og ofte kunne der vera litt hustrig og kaldt.
Men folk var flinke til å ta lodd og gje gåver
så frosten vart gløymd og gleda tok over.

På skulen her me i det siste har vore,
og folk dei formeleg strøymer av gårde,
ja, sanneleg er det litt av eit renn
når sekretærane Rikstad og Helgesen
vitjar basaren med film og tale,
og folk kjøper årar så det reint er gale.

På femtitalet måtte ein streva litt
for å koma frå eine huset til hitt.
Når konene på Bråstad skulle i forening i Bøen,
ja, då var ferdavegen sjøen.
Stundom dei kunne få kjensla av
korleis det er å vera ute på opprørt hav,
for i austakuling frå Øykjeneset kan han så galen vera
at Bøfjorden let seg knapt forsera.
Så når sjøskvetten tok til å kleda bløyta,
ein godt kunne tenkt seg ei redningsskøyta.

Det vanskeleg er å alle nemna
som i foreninga her ofrar tid og evna,
men vanskeleg kjem me ho Signe forbi
som vintersdag ofrar all ledig tid,
for til redningsbasaren må alt vera klart,
og jammen kan det røyna på hardt
så strevsame hender har måtta gå
flittig ut i timane små.

Ja, for arbeidet til Bøfjord Redningsforening me djupt vil bukka
og ynskjer med jubileumet hjarteleg til lukka.

Ei kvardagssoge

Dette må vel kallast ei enkel kvardagssoge, men gjerninga og kvinnene bak har krav på å verta hugsa.. Og kveldstunda deira kunne verta rett så munter og gagnleg utan røyndoms-tv, genmodifisert mat og kjøleskåp.

CC BY-NC 4.0 Bøfjord Redningsforening – Dei ville redda liv og berga verdiar. Del 2. av Håkon Magnus Haukøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Håkon Haukøy, 2007
Kjelder: Aslaug Bråstad, fødd 1929 Margit Tveit, fødd 1917 Ovidia Tveit, 1920
Kommune: Bøfjorden