Året 1905 i Selje, unionen vart oppløyst!
Det var ekstra stor oppslutning om17. mai i 1905. Mange stader vart dette markert på ulikt vis. Vi kjenner ikkje til korleis dette vart gjort i Selje. 7 . juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget?
Plassering i kart
Kyrkjedepartementet sende oppmodning til prestane, den 11. juni, eller seinare. Dette vart nok også gjort i Selje, og det er all grunn til å tru at Prost Strømme la dette fram for kyrkjelyden med stort alvor og stor glede. Det var kommuneval i 1904, og kyrkjesongar R. Hjertnes var vald til ordførar. Prost L. Strømme var sokneprest. Strømme engasjerte seg strekt i saka. Han var uvanleg skarp og klår då han ein søndag før avrøystinga tok på saka etter gudsteneste. I avisa vart dette referert slik: Prost. L Strømme holdt sidste søndag efter endt gudstjensete i Lekanger kyrkje en patriotisk fædrelandstale og manede i gribbende ord vælgerne til at møde frem d. 13 og sit ja bidrage sit til fædrelandets vel blant anna sagde han: ikkje en eneste mand bør sidde hjemme. La os alle møde frem alle som en og med alvor og ansvar stemme ja. Skulde nogen komme med ?nei? vilde eg for min del betragte ham som et stort stykke a fen forrærder. La os vise Sverige og Europa at vi gjerne vil vøre herre i eget hus, hvad svendskerne har overmaade tunget for at erkjende?
Året 1905 i Selje, unionen vart oppløyst! av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.