Sidemeny+

Øen Samyrkelag

Posted on 4. jan 2007 by in Bygning, anlegg og arkitektur

Foto: Olav J. Liencbn

Biletet er teke på 60-talet.

Øen Samyrkelag vart starta i 1947 og nedlagt i 1996.

Plassering i kart

Før i tida var det ikkje berre ein butikk på Sørbøvåg.
Øen Samyrkelag vart starta den 1 desember 1947. Bestemor som no er 86 jobba der då ho var 25 år gammal og ho var assistent der. Butikken låg i kjellaren til dette huset. Over kjellaren der butikken var budde familien Sagosen.
Bestemor var styrar frå 1 september 1952 fram til 1984.

I butikken hadde dei eit smørlager.
For dei fekk frakta smør med båt, dei kom og henta da på kaia
Bestemor hadde ei bok, der sto da masse reknestykke om smøret dei fekk.

I 1984 flytte samyrkelaget inn i nytt bygg tvers over vegen, der Hyllestad Biljardklubb held
til no. Kristin Horne, og seinare Jofrid Høydal var styrarar til det vart nedlagt 12. mars 1996.

CC BY-NC 4.0 Øen Samyrkelag av Solbjørg Yasmin Hagen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Solbjørg Yasmin Hagen. 2006
Klassetrinn: 6. klasse
Kjelder: Leikny Lien, Olav J. Lien
Kommune: Sørbøvåg