Sidemeny+

Nye bygg i Kvernsteinsparken.

Posted on 3. jan 2007 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Foto: Tilvalsgruppacbn

Oversiktsbilde

På forsommaren 2006 vart det sett i gang grunnarbeid til dei tre nye bygga i Kvernsteinsparken. Det er sett opp eit stort samlingshus, lager/reiskapshus og ei smie, alle bygga er grindverksbygg av furu. Dei hadde ikkje planlagt å bygge dei nye husa, men såg att det var umogleg å ha teltplassen så nær elva pga flaumskadar i fjor haust.

Plassering i kart

Utsjånad utvendig.
Husa er kledd opp med furuplankar, opptil 40cm breie. Taka er dekte med torv, og nedst på taket er det never. Neveren hadde dei problem med å få tak i, og det var ikkje lokalt dei fekk tak i den. På dørene er det svarte smijernbeslag. Tømmeret er ikkje impregnert, men det skal dei gjere på same måte som med dei andre bygga, impregneringsmåten blir brukt i mange museumssamanhengar.

Utsjånad innvendig.
I alle bygga er golva dekte med sand/grus.
I samlingshuset er det to gruer, ei lita og ei stor. Huset inneheld og eit langbord som var ei innflyttingsgåve frå Jensbua. Eine langveggen og eine kortveggen er ikkje kledde heilt opp, fordi dei såg at lysvirkninga vart spennande slik. Ein vil vurdere om ein skal kle veggane heilt opp seinare. I smia har dei latt vere å kle opp den eine kortveggen mot hammaren for at røyken frå smia skal sleppe ut.

Materialar.
Tømmeret er hogge i skogen til Anders Lorentzen og ein av artikkelforfattarane har vore med på fellinga. Men dei måtte skaffe meir tømmer frå Ikjefjorden i Sogn.
Audun Oppedal har teikna husa, og Jensbua har bygd dei. Materialane er henta lokalt utanom neveren og torvhaldskrokane som Lorentzen har laga/fått tak i.
Smijernsbeslaga er laga av Kjetil Torvund, han har laga smia òg.

Mål på husa.
Samlingshuset er 12x9m (108kvm)
Smia er 3,5x4m (14kvm)
Lager/reiskapshuset er 4x6m (24kvm)

Kostnad og finansiering.
Kostnaden for sjølve bygningane er oppunder 800.000 kr, og grunnarbeidet er på ca 100.000 kr. Totalprosjektet er på 3,5 millionar kr, pengane skal brukast over 3 år, 2005-2007. Pengane kjem frå Næringsfondet og Investeringsfondet i Hyllestad kommune, Kultur- og næringsavdelinga i Fylkeskommunen, Innovasjon Noreg, Regionale fylkesmidlar, Norsk kulturråd og sparebankstiftelsen DnBnor.
Siste:
Hyllestad kommune har nyleg som ein av tre kommunar i landet fått tildelt 350 000 kr frå Riksantikvaren. Desse midlane skal brukast til formidling, d.v.s ei vidareføring av prosjektet som ein alt er i gang med.

CC BY-NC 4.0 Nye bygg i Kvernsteinsparken. av annikken_hofsvik er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Tilvalsgruppa 2006/7: Kristian Ekreskar Hjelmeland, Anniken Hofsvik, Torbjørn Systaddal 2006
Klassetrinn: 10. klasse
Kjelder: Astrid Waage
Kommune: Hyllestad