Laviksåta – ligg lagleg til

Ved varden
Laviksåta som ruvar 712 meter over havet, er ein av dei høgaste toppane i Hyllestad og eit vel omtykt turmål for fjelltrimmarar. Toppen ligg på kommunegrensa mellom Høyanger og Hyllestad, men høgste punktet med varden ligg på Hyllestadsida. Mange ruter fører mot toppen, og denne gongen er ?Trongane? utgangspunktet for turen vår.
Plassering i kart
Frå riksvegen over Lavikdalen
Ruta frå Trongan er den absolutt snaraste vegen til Laviksåta. Utgangspunktet ligg ved riksvegen over Lavikdalen like før du når høgste punktet frå Laviksida. Her er grei parkeringsplass og skilt som viser veg. Lavik IL har merka stien, og her som andre stader dei har påteke seg merking, har dei gjort framifrå arbeid. Like etter start passerer du Lavikstølen, og så ber det oppover brattlendet.
Tøff start
Første halvdel av vegen mot toppen er heller tung. Bakkane er bratte, og underlaget tappar krefter. Etter 10- 20 minuttars gange ser du allereie dalen djupt under deg. Men godt halvvegs oppe endrar terrenget seg. Det flatar ut; hei og vidder ligg framfor deg, og du har utsyn innover Sognefjorden og vestover Åfjorden mot Lifjellet, Alden og øyriket utafor.
Ved varden
Ein ekte fjelltrimmar vil nok vere ved varden etter 30 ? 40 minutt. Idrettslaga i Hyllestad og Lavik har fjelltrimbøker liggjande der, og dei vitnar om jamleg besøk året rundt. Ja, faktisk er det dei som gjennom året passerer minst 100 turar til topps. Legg merke til det vel forseggjorde arbeidet til dei som har reist dette landemerke.
Vegen vidare
Så er det å bestemme seg: går turen rake vegen ned att til Trongane, eller er Laviksåta berre eit delmål for turen. I alle høve har du no eit framifrå utgangspunkt for vidare vandring vestover mot Sauesnuken, Heggebøstølen eller Hellebøstølen, eller ned til Basteskaret og mot Handalsstølane.
Legg du vegen mot Laviksåta, så planlegg gjerne litt, for då kan du få nokre fine timar i fjellet.
-
Ved varden Foto: Håkon Haukøycbn
-
Ingen vanskar med å finne vegen Foto: Håkon Haukøycbn
-
Tydeleg merking Foto: Håkon Haukøycbn
-
Kommunegrense eller enkel steingard mellom eigedommar ? Foto: Håkon Haukøycbn
-
Vakkert utsyn mot vest Foto: Håkon Haukøycbn
-
Idyllar finst det mange av på viddene her. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Lavikstølen passerer du like etter start. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Noko du kan studere nærare. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Frisk, liten fjellbekk Foto: Håkon Haukøycbn
Laviksåta – ligg lagleg til av Håkon Magnus Haukøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.