Garden Horne

Horne gard sett frå sør
Garden min ligg i Hyllestad kommune, nær grensa til Fjaler.
Plassering i kart
Eg heiter Alice Rysjedal Horne.
Eg bur på garden Horne, g.nr. 17, br. nr.1
Horne er den nordligaste garden i Hyllestad, der den grensar i nord og øst til Fjaler kommune.
Garden grensar mot Lien i vest, og Ramsgrø og Hydalen i sør.
Mange vil kanskje tru at namnet Horne kommer frå «Horn» i betydningen spiss fjelltopp. Men den mest sannsynlige forklaringa ligg visstnok i betydningen hjørne eller vinkel, og at det er den svingen som elva gjer som er opphavet til namnet. For her i skråninga ved elva var den første busetnaden.
Dei lange steingjerdene er et talande bevis på at folket her har streva med å rydde skredjorda fram gjennom tidene. Men åkerbruket her har vore utsett for både frostskade og flom. Skogen har og hatt mykje å seie for gardsdrifta. Det fins spor fleire stader i utmarka etter tjørebrenning, det har vore ein betydeleg produksjon av fisketønner i eldre tid, og garden har hatt sagbruk.
Tidleg på 1600-talet var det kun eit gardsbruk på Horne, men før 1700-talet var det komme eit til. På 1800-talet blei 3 husmannsplassar skilde ut som eigne bruk. Det var Kvia i 1838, Hornslia og Hornsdalen i 1884. Det var også ein plass som vart kalla Trollespad under Hornslia ei tid. Frå 1645 til 1875 hadde busetnaden steget kraftig; frå 8 vaksne personar og 3 hushald, til i alt 40 personar og 5 hushald.
-
Horne gard sett frå sør Foto: Hans Andre Hornecbn
Garden Horne av Alice Rysjedal Horne er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.