Sidemeny+

Brennmaneter

Posted on 4. jan 2007 by in Landskap

Søstra mi og eg prøvde å få ei strand fri for brennmaneter. Det var mykje arbeid!

Plassering i kart

Eg heter Christine, og no skal eg fortelle en historie om brennmaneter.
Alt begynte en sommerdag i Leirvik.
Eg og lillesøstra mi Miriam skulle bade. Men det var dessverre fjære, og vi fann mange brennmaneter. Mens tante Hilde og bestemor raka vekk steinar, tang, og skjel, var eg og Miriam på jakt etter brennmaneter. Vi tok kvar vår pinne, fann ein, stakk hol i han og bar han bort til «brennmanet-kyrkjegarden» (som var mellom nokre steinar). Vi slengte brennmanetane mellom steinane og der låg dei. Til saman fann vi ca. 50 brennmaneter. Nokre let vi berre ligge, for dei hang fast i masse tang. Då det blei flo, kunne vi endelig bade på ei (nesten) brennmanetfri strand.

CC BY-NC 4.0 Brennmaneter av Christine Gjøen Bøe er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Christine Gjøen Bøe, 2006
Klassetrinn: 6.klasse
Kommune: Leirvik