Sidemeny+

Vatningsråser og vatningsveiter i Fresvik

Posted on 16. des 2006 by in Jordbruk

Skilnaden på ei rås og ei veit er at råsa er større enn veita. Ei stor veit eller lita elv vart kalla rås (raos), og dei gjekk som regel ut frå Storelva. Råser og veiter er opparbeidde og ikkje naturleg laga. I Fresvik var det fleire store råser: Sagaraosene og Kvednaraosene. Dei største veitene var Giljaveiti, Grundelandsveiti, Holeveiti og Bakkaveiti. Ut frå desse veitene og råsene gjekk det mindre veiter utover dei ulike eigedommane.

Plassering i kart

Opparbeiding. Veitene var gravne opp med handmakt. Dei brukte hakke, spade, spett og steingrev og dei la veitene ofte på høgdedrag for å utnytta terrenget. Der veita gjekk gjennom urd og over sva kunne det vera vanskeleg arbeid. Ofte kunne ein få lekkasje slik at veita fungerte mindre bra. Veitene var tetta med jord, torv og stein. Enkelte stader kunne ein også bruka treverk. Storleiken på veitene kunne variera ein god del. Truleg har t.d. Bakkaveiti vore ein halv meter brei og ein halv meter djup då ho var ny. Korleis vatna dei? Det var to hovudmåtar å vatna på: 1. Dei hadde sideveiter frå hovudveita. Så demde dei desse sideveitene opp og let vatnet fløyma ut over åkeren og enga. 2. Men ikkje alle stadar, serleg haugar, kunne dei bløyta på denne måten. Så laga dei seg til små dammar i veitene og stod der med vassreka og skvette vatnet bort på åkeren og enga. I tørrsomrar kunne mannfolka vera opptekne med dette arbeidet mest heile dagane, og utetter seine kvelden og natta med. Men med denne vatninga vaskar dei jorda ut, sa dei gamle, og jord som dei år etter år hadde vatna på denne måten, tolde ikkje stor tørke. Det skulle ikkje mange varme solskinsdagar til før dei måtte gå i gang med vatning. Ut frå veitene laga dei mindre veiter, ofte berre små spor i marka. Desse småveitene gjekk ofte i fiskebeinsmønster ut frå den store veita. På enkelte bøar kunne det vera temmeleg tett med slike småveiter. Vedlikehald Det var mykje arbeid å halda råsene og veitene i stand. Storelva reiv ofte inntaka sund og braut seg også stundom opp i råsene og reiv dei vekk Kvar einaste vår var det alltid noko å reparera, og alle som på ein eller annen måte hadde nytte av råsene og veitene, hadde plikt til å vera med i arbeidet. Kvar vår laut alle som hadde bruk for veitene, vera med og reinska dei opp. Dette var pliktarbeid og måtte gjerast så tidleg at dei ikkje gjorde nokon skade på bøane. I utskiftinga i 1886 vart det sett ein viss dato då dette arbeidet skulle vera gjort. Drygde dei utover den fastsette datoen, kunne grunneigarane nekta veitearbeid på sin eigedom, eller den som gjorde arbeidet måtte rydda opp etter seg. Ein hadde eit inntak i elva der ein kunne opna for vatnet og også stengje når ein ville det. Dette stenget kunne vera av torv og stein. Men det kunne vera luker av treverk mellom store steinar, så solide at det skulle tola stor vassføring i elva. Eit felles ansvar Veitene gav vatn til mange gardar og difor var også vedlikehaldet eit felles ansvarsområde. Arbeidet på Bakkaveiti gjekk ut på at alle gytter og grofar som hadde vore opna om hausten måtte tettast. Regelen var slik at etter Mikkelsmesse ( 29. september) seinast, skulle alle gyttene vera opna for flaumvatnet. ? Gyttene skulle då vera uthogne, ? fortalde ein eldre mann. Så dei hadde reglar og rutiner for vedlikehald av veiter og råser. Anna vedlikehaldsarbeid om våren var å skjera graskanten for å halda storleiken på veita og elles reinska og pussa opp. Dette arbeidet skulle vera ferdig til 15. mai. Rennene på Giljaveiti måtte også vedlikehaldast med nye bord. Ein periode tek slutt Veitene var i bruk i Fresvik til rundt 1950. Enkelte råser, slik som Sagaraosi truleg til rundt 1965. Vassverket blei bygd på 50-talet og ein kunne då vatna på annan måte. Då straumen kom i 1958 kunne ein etter kvart også skaffa seg pumper og pumpa vatn frå elva til vatning på markene. Ein fleire hundre år lang periode med bruk av veiter og råser tok slutt.

CC BY-NC 4.0 Vatningsråser og vatningsveiter i Fresvik av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Eline Bjørneklett, Stine Beate Bøthun Breilid 2006
Klassetrinn: 9
Kjelder: in Fresvik, a project written by 5-7 class, Fresvik school 2002-2003.
Kommune: Fresvik