Ulvane på Aksevatnet.
Mitt namn er Renate Atterås og er 12 år.
Eg fekk denne historia av bestefaren min, Håkon Atterås.
Aksel er faren hans. Historia var i dagboka til Aksel.
Plassering i kart
Eg bur no på Atterås, i bruk 1 og har budd der siden eg var 5 år.
Oldefar Aksel vart fødd i Naustdal i 1888 dødde i 1961.
Han var tre gongar i USA, m.a. mellom 1911-1917.
Gift i 1919 med Marta Birgitte Engesæter f.1895.
Det som står under her er sitat frå dagboka til Aksel Atterås.
Han skriv at dette hende tidleg på 1800-talet.
«Ein vinter i gamle dagar då var det mykje ulv
alle stader. Mannfolka oppe på Aksedalen var på sildefiske
nor i Kinn og det var mest berre kvinnfolka som var heime.
Isen låg blank og sterk på Aksevatnet.
Det var fint solskin, då viste det seg akkurat som,
to små høysåter borte på isen.
Folk var so forundra på kva dette var. Om kvelden
då sola tok til at gå ned, da viste det seg at det var to ulva
som røyste seg og rusla over isen mot Aksemarka
og der kom sauene til Per Akse heim or marka,
då drap dei ein vær for Per Akse til kveldsmat.
Nede i Staurdalen fram på vårparten kom gjeitene heim
or marka. Men det var serleg ei gjeit som ikkje vilde
vere i fylje med dei andre.
Rett som det var kom den andre ulven dei sprang bort
og drog gjeita mellom seg og sleit henne på midten
og reiste med henne. (Ute på Berge var det ei jente
som kom heimjagande om kvelden med gjeitene,
om kvelden då kom det ein ulv og greip i gjeita,
jenta sprang og vilde take gjeita frå han dei
hala i kvar sin ende, jenta skreik og ulven måtte sleppe gjeita.»
-
Flyfoto av Aksevatnet. Garden min ligg til nederst til venstre på bildet. Foto: Flyfototenesta på Fjellatlascbn
- Vinterbilde av ulv
- Aksel N. Atterås
- Faksimile av dagboka
Ulvane på Aksevatnet. av Renate Irene Atterås er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.