Sidemeny+

Stork Ciconi ciconia

Posted on 10. des 2006 by in Dyreliv

Fredag 27. oktober vart det observert ein stork på Byrkjelo. Fleire har meldt om denne fuglen som gjekk og beita langs vegen på Fløtre. Eg har fått inn bilde og som dokumentasjon. Stork er sett mindre enn 100 gonger i Norge.

Plassering i kart

Utbreiing
Den rikaste utbreiinga til storken er i Aust-Europa. Her hekkar han i ope kulturlandskap med fuktige elvebredder, myrar og flommarker. I Danmark har ein og hatt ein del hekkande storkar, men over alt blir storken sjeldnare. Luftleidningar og drenering er viktigaste årsaka til dette. Han hekkar i koloniar og byggjer reira sine på hustak, skorsteinspiper, kirketårn og telefonstolpar.
Storken er ein typisk sommargjest som overvintrar i tropisk Afrika. Sjåverdige trekk over Bosporus og Gibraltar i slutten av august.

Feilnavigering
Det er såleis heilt klart at storken som vart sett på Byrkjelo har navigert ganske feil, berre sjå kva som står på denne fuglesida. Det artige er at han antageleg sette kursen mot Vigra den 28. oktober, og der er han framleis 10. desember!
Det høyrer og med til historia at mest sannsynleg same storken var observert i Mandal i tida 18.- 24. oktober. Vidare er det gjort observasjonar av fuglen i Høyanger og Bjordal 26. oktober før han hadde ein kort stopp på Byrkjelo.
Storken finn framleis meitemark og insekt på Vigra, men når kulda kjem får han problem.
For nokre år sidan gjorde ein annan stork det same og slo seg ned i Herøy. I desember måtte han fangast inn, men han døde kot tid etter.
Det er vel lite sansynleg at klimaendringane kan berge denne storken?

Tidlegare observasjonar av stork i Sogn og Fjordane
Gloppen (1978), Jølster (1978), Gaular (1978), Bryggja (1978), Vågsøy (1978), Eid (1984)

CC BY-NC 4.0 Stork Ciconi ciconia av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2006
Kjelder: Gyldendals store fugleguide www.fugler.net
Kommune: Byrkjelo