På GeoAtlas finn du tverrfaglege artiklar publisert av studentar, elevar og lærarar. Tema kan vera henta frå naturen, historia og kulturen dei omgir seg med. Les meir om GeoAtlas.
Prosjektet er no avslutta og det er ikkje lenger mogeleg å registrere seg som brukar og opprette eller redigere artiklar på GeoAtlas.
Det var eingong det budde ei gygr på Nonhaugen. So var ho bedi i på Engjafjellet. Ho tok då ein stor stein i forkledet sitt og skulle ha til faddergåva. So skulle ho hoppa frå Nonhaugen og bort på Engjafjellet. Men so rauk forklebandi og steinen datt ned. Gygri klarte so vidt å koma seg over dalen.
Plassering i kart
Ho sette knei so hardt i Engjafjellet at det vart to store holer. Desse vart kalla Gygraholi.
Ein som heitte Gulbrand skulle vera ein sprek kar. Han er den einaste som har klart å klatra opp til holene. Men no er dei attvaksne med skog og synest ikkje. Steinen datt ned midt mellom selet til Skauen, tett attmed stølsvegen. Der ligg han den dag i dag. Han vert kalla Storesteinen. Det skulle og visa etter fingrane til gygri oppe på fjellet der ho hogg tak med hendene.

Storesteinen. Her ser me storesteinen, den ligg like ved vegen til Engi.