Sidemeny+

Skomakarnipa

Posted on 16. des 2006 by in Immateriell kulturarv

Det var ein gong ein mann som hadde gjort eit brotsverk som han var dømd til dauden for

Plassering i kart

Men viss han kunne sitja ytst på ei høg fjellnipa og sauma eit par sko utan å missa noko ned så skulde han få behalda livet. Ja, mannen hadde ingen ting å tapa, so han gjekk med på det. Han sat då der å sydde skorne. Nett då han skulde sy siste stinget, miste han sylen. Han bøygde seg fram og skulde gripa den. Med det same stupte han utfor og slo seg ihel. Sidan vart nipa heitande Skomakarnipa, til minne om skomakaren.

CC BY-NC 4.0 Skomakarnipa av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Reidun Lindborg Hov, 2006
Klassetrinn: 10.
Kjelder: Kjelder: Segner frå Vik, Arne Inge Sæbø, Vik lokalhistoriske arkiv 1998.
Kommune: Fresvik