På GeoAtlas finn du tverrfaglege artiklar publisert av studentar, elevar og lærarar. Tema kan vera henta frå naturen, historia og kulturen dei omgir seg med. Les meir om GeoAtlas.
Prosjektet er no avslutta og det er ikkje lenger mogeleg å registrere seg som brukar og opprette eller redigere artiklar på GeoAtlas.
Sagaraosi var den største og lengste råsa, og var minst 1 km lang. Ho var også ei av dei eldste veitene i Fresvik. Råsi gjekk ut frå elva under skulen og nedover til Sagi (Hauglum) i nokså rett linje. Over Sagagranden vart ho kalla Læveiti. Det kom inn vatn i råsa frå ei oppkome, og dette vatnet fraus ikkje, difor vart ho kalla Læveiti.
Plassering i kart
Ei svært gammal veit. Sagaråsi er 3-400 år gammal. Medan andre helst vart kalla Kvednaråsar, så var den kalla Sagaråsi fordi den dreiv eit gammalt sagbruk nede ved sjøen. Dette sagbruket låg på eigendommen ?Holum? gnr 136-6 bnr 9. Det er nemnt i gamle dokument alt kring 1600-talet, så Sagaråsi har tidleg vore opparbeidd. Kvar låg Sagaraosi? Inntaket var i Storelva ca. 1000 meter frå sjøen, oppe ved skulen. Fremste delen av råsa var om lag 1,5 m brei og mura opp med stein og torv. Ho var også dekka med halm og havleire somme stader. Sjøen har ein gong gått heilt opp mot skulen, difor finn ein havleire enkelte stader så langt frå den noverande strandlinja. Flaumen i 1938. I 1938 var det flaum i Fresvik, og den raserte mykje av Sagaråsi. Elva stod rett på frå Giljareinene og rett på råsabaret som vart utgrave ca 50-60m. Og såleis vart Sagaråsi også utgraven, det var kanskje over 3 m rett ned. Det låg eit lag med blåleira langs det utgravne. Dei rann difor ikkje vatn i råsa, berre når Storelva var svært stor kunne det komma noko vatn inn. Det hadde også lagt seg sand langsetter råsefaret, og det gjorde at vatnet lett forsvant ned i grunnen. Seint på våren i 1939 var det svært tørt på bøane sidan ein ikkje fekk nytta Sagaråsi til vatninga. Våren -39 byrja ein byggja ny rås. Utsida måtte murast i ca 1,5m høgde og så vart det å grava ut masse i bakken. Dette var elvegrus, og for å gjera råsa tett brukte dei leire og halm. Ein bar mange og store bører med halm som dei breidde ut og la grusmasse oppå. Såleis vart veita tett. Ei gammal soge Om sommaren så var det ein mann på Sagi som ofte heldt søndagsskule ved ei veit som gjekk over Sagabøen. Han hadde laga til jordbenker som dei sat på, og han hadde også spadd opp ein dam som han brukte til bading. Når søndagsskulen var slutt, bada han i dammen sin. Denne veita med dammen var eit uttak frå Sagaraosi.